Frå klokka tolv til tre i går gjennomførte politiet i Fusa trafikkontrollar i Eikelandsosen, på Helland og Holdhus. Politiet kontrollerte promille og dokument.

Av dei 35 kjøretya som vart kontrollerte, vart ingen mistenkte for promille, men fire bilførarar fekk skriftlege kontrollsedlar for manglar på bilen.

– Det vil seie at bilane har så alvorlege feil på til dømes lys eller dekk, at dei får ein kort frist til å utbetre manglane, seier lensmann Lars Erik Dalland.

Bilførarane må møte opp hjå politiet og vise at feila er retta opp. Gjer dei ikkje det, vert bilen avskilta.