I politiavhøyr skal han ha erkjent iallefall deler av dei overgrepa han er sikta for.

— Etterforskinga er på det næraste ferdig, seier politiadvokat Bjørn Larsen ved Sogn og Fjordane politidistikt, som likevel ikkje vil opplyse kor mange barn 40-åringen er sikta for å ha misbrukt.

Politiet har lagt ned eit omfattande arbeid for å komme raskt til bunns i denne saka, og satsar på å føre den for retten før sommarferien.

Saka starta i januar då ei mor slo alarm, etter at barnet hennar – som er slekt i den sikta – hadde fortalt om overgrep 40-åringen skal stå bak. Den sikta skal ha også tilknytning til eit ungt idrettsmiljø i lokalsamfunnet, der han skal ha nytt stor tillit.

— I løpet av etterforskinga har det komme til nye fornærma i saka. Det er fleire fornærma, utan at eg ønskjer å seie noko tal. Vi har ikkje klarlagt dette, blant anna fordi vi må avklare om nokre av tilfella er forelda eller ei, seier Larsen til bt.no.

Av omsyn til dei fornærma er Larsen svært tilbakehalden med opplysningar i saka. Han viser dessutan til at den endelege siktiga enno ikkje er klar, og at både tiltale og rettsforhandlingar kan bli unntatt offentleghet i ei slik sak.

Med den forlenga fengslinga går mannen no inn i sin tredje firevekers varetektsperiode. 40-åringen blir forsvart av advokat Rune Totland.