I tillegg fekk tre legar, ein sjukepleiar, ein psykolog og ein tannlege åtvaring. Tre sjukepleiarar gav friviljug frå seg autorisasjonen.

Blant dei 145 tilsynssakene som Helsetilsynet i Hordaland avslutta i fjor, fordeler 60 prosent seg på helsepersonell, i hovudsak primærlegar og fastlegar, 30 prosent gjeld anna kommunehelseteneste. 19 av sakene vart vurderte som så alvorlege at dei vart sendte direkte til Statens helsetilsyn for vurdering av administrative reaksjonar etter helsepersonellova.

Pasientar og pårørande kan be tilsynet om å vurdere om det har skjedd lovbrot i helsetenesta.

Sakene kan gjelda manglar og svikt i helsetilbod, i rutinar og i faglege rutinar eller åtferda til helsepersonell. Åtte av sakene som vart avslutta i fjor, starta på grunnlag av skademelding frå sjukehus etter lov om spesialhelsetenesta.

For heile landet handsama Helsetilsynet til saman 172 tilsynssaker i fjor. Halvparten av tilsynssakene er retta mot legar. Ein tredel av sakene vart avslutta utan formelle reaksjonar.

56 helsepersonell mista autorisasjonen. Årsaka til autorisasjonstapet er i dei fleste tilfelle rusmiddelbruk eller andre personlege tilhøve. 21 av 28 sjukepleiarar mista autorisasjonen grunna rusmiddelbruk. Fire helsehelsepersonell mista autorisasjonen på grunn av seksuell utnytting av pasient.