Klokka fire i natt oppdaga folk på Evanger ukjende som luska rundt i ein verkstad på Evanger i Voss kommune.

— Dei varsla politiet. Og fekk sjølve tatt ein av karane. Vi kom til og fekk tatt to menn til. Dei hadde brote seg inn bilar på staden. Ein bil var stolen. I morgontimane fekk vi tak i mannen med bilen og, seier politiførstebetjent Einar Bystøl i Voss lensmannsdistrikt til bt.no.

Dei fire karane er alle i trettiårene og sit no i avhør på Voss.

- Er det byfolk som har vore på tokt no igjen?

— Nei, det er nok ein blanding av vossingar og tilflyttarar denne gongen, medgjer Bystøl.

**Les også:

Trøtt tyv**