I 16.30-tida måndag kjørte ein personbil inn i ein geiteflokk i Våtedalen i Jølster. Minst fire geiter døydde.

– Dei er dessverre på ved til dei evige jaktmarker, seier operasjonsleiar Leif Bull i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

– Bilføraren har brote vegtrafikklova paragraf tre, som seier at ”man skal opptre hensynsfullt og aktpågivende så det ikke oppstår fare”. Som ein skjønar av ordlyden, er det ikkje så vanskeleg å bryta den, seier Bull, og legg til at det ikkje er opp til han å avgjera om bilføraren kan verta straffa.

– Geitene har vel heller ikkje vore forsiktige, sidan dei var i vegbana?

– Det kan du seia, seier Bull.

BILDREPT: Fleire av artsfrendene til denne karen miste livet.
RUNE NIELSEN (arkiv)