• Overraskande at folk kjører så fort mellom Utne og Odda, seier lensmannen.

Det var mellom klokka 19.30 og klokka 22.00 i går kveld politiet hadde fartskontroll i på riksveg 550.50-sona på Eikhamrane. Fartskontrollen var i 50-sona på Eikhamrane mellom Utne mot Odda, i retning mot Odda.

— Tre bilistar fekk førelegg, medan heile fire sjåførar køyrde så fort at dei mista førarkortet. Den som hadde høgast fart i 50-sona køyrde i 98 km/t, fortel lensmann Øivind Rosseland i Odda til bt.no.

Lensmannen er overraska over at folk køyrer så fort mellom Odda og Utne.

— Dette er ein fast kontrollstrekning. Vi vil halda fram med å ha mange kontrollar på denne vegen, lover Rosseland.

Sjekk trafikken på våre webkamera

Tør du teste om du hadde klart førarprøven i dag? Jepp, eg vil prøve.