Beslaget vart gjort på Skoltegrunnskaien onsdag formiddag. Hasjen låg vakuumpakka i to-kilosposar, gøymde i reservehjulet under hengaren. Fire personar — alle tidligare straffa - er pågripne og varetektsfengsla i fire veker etter kjempebeslaget, som er det største som nokon gong er gjort på Vestlandet.

Skulle til fruktgrossist

Bananlasta kom frå Valencia-området i Sør-Spania, og skulle til ein fruktgrossist i Bergen. Politiet og tollvesenet i Stavanger har arbeidd i lang tid med saka, ifølgje toll- og kontrollsjef Rolf Ole Espeland Seljeflot i Bergen tolldistrikt.

Då danskebåten «Bergen» la til kai på Skoltegrunnskaien klokka 11 onsdag, vart store delar av lasta om bord kontrollert av tollvesenet.

— Vi var ikkje sikre på kva hengar hasjen var gøymt i. To narkotikahundar markerte på reservedekket på denne kjølevogna, seier Espeland Seljeflot.

Pågripne på Sandsli

Reservehjulet vart bytta ut med eit identisk hjul, og hengaren køyrd i land som vanleg. Deret-ter tok politiet over, for å sjå kvar hengaren tok vegen. Han vart henta av eit transportfirma og køyrd til ein losseterminal i Sandsliområdet. Der dukka to personar opp natt til torsdag for å hente hasjpartiet. Politiet låg klar i buskene og arresterte dei to.

Ein av dei som blir framstilt for fengsling fredag, er tidlegare medlem i Hells Angels. Han skal også vere mistenkt for å stå sentralt i torpedoverksemd i Sør-Rogaland.

Politiet og tollvesenet trur dei kan ha avlørt ei fast smuglarrute for hasj til Bergen.

— Vi har mistanke om at dette har pågått ei tid, men at hasjen då har vorte frakta i land i Eger-sund, seier Espeland Seljeflot.

FANGSTEN: Tollvesenet beslagla onsdag 62 kilo hasj. Olaf Kristiansen, seksjonsleder for organisert kriminalitet i Stavanger politidistrikt med en del av hasjen som ble funnet.
Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX