Synfaringa startar måndag 23. januar ved lunsjtider, og det fyrste møtet vert halde på Flesland. Temaet der vil vera Avinor.

Tysdag 24. januar vert det busstur for å sjå nærare på Bergensprogrammet. Men ny seglingslei og diverse tunnelar mellom Bergen og Arna vil og vera tema. Tysdag kveld dreg flokken med tog til Voss.

Onsdag 25. får komiteen orientering om Vossapakko. Så ber det i buss til Hardangerfjorden, med møte i Eidfjord. Overnatting på Hotel Ullensvang.

Torsdag 26. står Folgefonntunnelen, Jondalstunnelen og Halsnøysambandet på programmet. Turen går via Rosendal til Sunde, og med ferje til Skjærsholmane. Etter orientering om kor viktig flyplassen er for Stord-samfunnet, ber det i fly attende til Oslo.

— Undervegs på synfaringa vil komiteen ta i mot parti, organisasjonar og andre som måtte ha synspunkt på dei store tema vi arbeider med, som Bergensprogrammet og Hardangerbrua. Det er viktig at desse melder frå til komiteen på førehand, seier Øyvind Halleraker.

Han avsannar rykta som har oppstått om at Hardangerbrua kanskje vert utsett endå ein gong. - Både Hardangerbrua og Bergensprogrammet skal opp i Stortinget 28. februar, seier Halleraker, som er saksordførar for Hardangerbrua.