I august brann eit sel ned. Seinare i haust gjekk også ei utløe opp i flam-mar. Natt til søndag brann så to mind-re løer på gardsbruket i Fortun. Dei to bygga stod kring 500 meter frå kvar-andre.

— Ut frå den lange avstanden mellom husa er det nærliggjande å tru at bran-nane må vere påsette, seier lensmann Asle Karoliussen.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var brannekspertar på staden søndag.

— Vi finn ingen naturleg forklaring på at det skal brenne samstundes i to hus tilhøyrande same garden, seier lens-mannen.

Det same meiner gardbrukaren, Jan Petter Nyløy:

— Det er soleklart at brannane er påsette. På same måte som dei to andre var det tidlegare i år.

Ifølgje Sogn Avis skal familien ha blitt utsett for ulike former for trakas-sering dei siste åra. Nyløy seier det star-ta med ei jordskiftesak for ni år sidan. I ettertid har han vore fleire gonger i rettssystemet, sist i ei mobbesak mot Hydro Energi i Fortun. Denne enda i forlik i vår.

— Det verste av alt er at det no går rykte i bygda om at eg sjølv skal ha tent på, seier Nyløy.