• Evakuera? Nei, kvifor skulle vi det? Stengd veg er vi vel vande med - om vinteren.

Nanny Buer (65) synest ikkje at ei vegstenging er noko å laga oppstyr om. Saman med mannen Helge har ho takka nei til tilbodet om evakuering til Odda sentrum.

På det andre Buer-bruket, har Marit (59) og Olav (66) same innstillinga.

Vinter-modus kom tidleg til Buadalen i Odda i år. At vegen blir vaska bort av svære regnskyll, er uvanleg. Derimot er dei vel vande med snøskred som stenger vegen om vinteren.

— Vi gjer som vi pleier å gjera når vegen er stengd på vinterstid. Vi parkerer bilane nedanfor vegsperringa, og så går utanom vegen, litt høgre oppe i lia, ned til bilane, forklarer Nanna til Bergens Tidende.

— Men har ikkje politiet sperra av all ferdsel i dalen?

— Ikkje for oss. Vi veit kvar det er farleg, og har fått nykjel til bommen.

Rundt 20 elevar og lærarar frå ein folkehøgskule på Gvarv måtte i går evakuera leiren sin i Buadalen. Dei reiste «heim» med buss frå Odda i går ettermiddag. Bilen deira kunne ikkje forsera eit øydelagt vegstykke, og måtte forlatast inne i dalen.