PER MARIFJÆREN

Den 31-årige kvinna døydde etter at ho vart funnen mishandla og sterkt nedkjølt i eit skogholt i fjor sommar.

Den 37-årige sambuaren hennar vart deretter sikta og tiltalt for lekamsskading med døden til følgje, under særleg skjerpande omstende — med vekt på at handlinga har karakter av mishandling.

Skjerpa straff

Medan aktor, statsadvokat Bjørn Kristian Soknes, i rettsaka nyleg meinte at tre og eit halvt års fengsel er passande straff, finn rettsformann Gunnar Steintveit og hans to meddommarar at 37-åringens handlingar kvalifiserer til fire år bak murane. I tillegg må han betale offerets pårørande 10.000 kroner i oppreising.

37-åringen hadde først nekta for eikvar straffeskuld, men erkjente kort tid før straffesaka at han likevel var skuld for sambuarens død.

Det var om morgonen 13. juli i fjor vart kvinna funnen sterkt forslått i eit skogholt ikkje langt unna buss-stoppet der paret natta før hadde gått av etter ei særdeles fuktig natt på alkohol og hasj i Eid sentrum.

I dommen heiter det at 37-åringen med forsett har skada og folatt sambuaren hjelpelaus og utan medvit. Vidare meiner retten at tiltalte kunne ha innsett sjansen for dødsfølgjen, og finn at 37-åringen ý(...)etter evne har unnlatt å avverge følgen etter at han ble oppmerkson på farený.

Retten meiner at tltalte visste at ho vart medvitslaus etter at han slo henne, og finn det godtgjort at han (...) var klar over faren ved ikkje å gje henne hjelp.

ýRå og brutalý

At dømmekrafta hans kan ha vore svekka på grunn av rus, har rettens meining ingen ting å seie for 37-åringens strafferettslege ansvar.

I punktet som omhandlar straffeutmålinga er Nordfjord tingrett svært klar på korleis 37-åringens handlemåte må vurderast. Retten gjer det mellom anna klart at tiltalte på ein svært omsynslaus måte ýhar brukt sin fysiske overlegenhet til å skade NN (sambuarens namn) på det grovesteý.

Og vidare frå dommen: ýEtter å ha satt henne ut av spill på en særdeles rå og brutal måte mens de oppholdt seg i busskuret, har tiltalte påført henne ytterligere skade under transporten fra busskuret til det stedet hvor han til slutt etterlot henne.ý

Deretter påpeikar retten at domfelte let det gå over seks timar utan å hjelpe henne eller tilkalle hjelp, og at han gjorde kva han kunne for at heller ikkje andre skulle oppdage den livstrugande skadde kvinna. Såleis meiner retten at han har handla på ein måte som har karakter av mishandling utan foregåande provokasjon, og at det dermed ligg føre særleg skjerpande omstende etter straffelova.

Retten meiner at tilståinga, blant anna fordi den kom så seint, berre kan ha liten formildande effekt. I dommen ligg også eit punkt om kjøp, sal og bruk av mindre mengder hasj.

Dommen er samrøystes.