JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Rett nok med lågare takstar, og i byte lovar vegsjef Ole Chr. Torpp at Nordhordland skal få nye og utbetra vegar for i alt 365 millionar kroner.

Vegsjefen lovar og at takstane på brua skal gå ned med 10 til 15 kroner. Prisen for ein personbil er i dag 45 kroner, og den taksten har vore uendra sidan brua vart opna i oktober 1994.

Lovnaden frå vegsjefen er sett fram i forslaget til handlingsplan for riksvegutbygginga i Hordaland frå 2002 til 2011. Handlingsplanen må godkjennast politisk.

Slepp kjerrevegane På Radøy skal gjennomgangstrafikken mot Manger og Austrheim sleppa å pina seg fram på dagens kjerrevegar. I Lindås kommune skal bilistane sleppa å irritera seg meir over dei to strekningane mellom Isdal og Seim som av uforståelege grunnar aldri vart gjort noko med då nyvegen til Mongstad vart bygd langt attende i førre hundreår.

Og gjennom Knarvik skal to nye rundkøyringar gjera E 39 meir trafikksikker. Men tunnel under Knarvik må venta til neste runde.

God ringveg — Forslaget til vegsjefen er det som vi realistisk kunne rekna med å få i denne planperioden. Det vil gje ein god og tenleg ringveg i Nordhordland, seier Radøy-ordførar og leiar i regionrådet for Nordhordland, Ola Steinar Namtvedt, til Bergens Tidende.

Han understrekar at regionrådet, som samlar alle ordførarane, har hatt drøftingar med vegsjefen på førehand, og vore med og lagt grunnlaget for vegsjefens forslag. Det går m.a. ut på at av den samla kostnaden på 365 millionar kroner, skal 120 millionar vera statlege løyvingar.

— Vi er og glade for at vegsjefen vil prøva å få dette vegarbeidet gjort tidleg i planperioden, frå 2003 til 2006, seier Namtvedt.

Reiser bust Tidlegare har det vore på tale å nytta ekstra bompengar frå Nordhordlandsbrua til utbetring av E 39 gjennom Åsane i Bergen kommune. Nordhordlendingane har reist bust kvar gong, og no vil vegsjefen i staden bruka stamvegmidlar dei to-tre neste åra til Eikåstunnelen under Vikaleitet og utbetringar fram mot Hylkje.

Vegsjefen føreslår derimot at pengar som måtte verta til overs frå den nye bompengepakken på Nordhordlandsbrua kan gå inn i finansieringa av den 1 milliard kroner dyre tunnelen frå Nyborg til Nordhordlandsbrua. Tunnelen er ikkje prioritert i det heile før etter 2011.

— Så langt kan vi vel strekkja oss, seier Ola Steinar Namtvedt.