— Skaden på pulsåre og vener medførte blodtap som lett kunne ført til mer vidtrekkende konsekvenser, skriv Nordfjord tingrett i sin dom.

Mista medvitet

Det var ei novembernatt i 2002 at den 23 år gamle finnen festa saman med to kjenningar i eit husvære på Nordfjordeid. 23-åringen hadde ifølgje dommen drukke store mengder alkohol og tatt ein del pillar av ukjent type.

Ifølgje dommen starta tumultane med at finnen tok ein av mennene med seg ut på badet og truga han med kniven retta mot halspulsåra. I retten forklarte fornærma at det var ein heilt vanleg krangel, men retten fann god grunn til å feste større lit til politiforklaringa han gav like etter episoden.

Deretter gjekk det enda verre ut over festdeltakar nummer to. 23-åringen reiste seg på eit tidspunkt brått frå sofaen og gjekk til angrep med kniv. Først tildelte han nordfjordingen to stikk i lårhøgde, deretter skifta han grep og stakk to gonger ovanfrå og ned mot venstre arm. Den skadde blødde sterkt etterpå, og vart boren ut på badet der han mista medvitet. Dei to drikkekompisane stakk frå husværet før ambulansen kom.

20 centimeters sår

Ifølgje sjukehusjournalet fekk den skadde knivstikk i venstre overarm, albue, på baksida av låret og i lysken. Den siste skaden var mest alvorleg. Kniven har laga rift i aterien og kutta vener i lysken, slik at mannen måtte gjennomgå ein større operasjon to månader etter skaden. Her vart han sengeliggande i fire veker, påført eit 20 centimeter langt operasjonsår og har ifølgje dommen enno plager i form av nummenheit i venstrebeinet.

Retten konkluderer med at skaden er valda med forsett, og utan at det var nokon nødverjesituasjon.

Natta før knivstikkinga hadde dei tre kumpanane vore på innbrotsraid på jakt etter våpen dei kunne omsetje illegalt. Retten har funne 23-åringen skuldig i innbrot i eit skyttarhus på Bryggja i Nordjord og eit innbrot i lokala til Stryn skyttarlag. Trioen fekk ikkje tak i våpen, då dei mangla verktøy til å bryte opp sjølve våpenskapa inne i lokala.

I tillegg til den vilkårslause fengselstraffa er den 23-årige finnen dømt til å betale offeret 11.286 kroner i erstatning og oppreising samt 6.000 kroner til Bryggja skyttarlag.