— Eg er ikkje i tvil om at eg er ein reiskap, og at gode krefter jobbar gjennom meg, seier Audun Sætre. Sidan tømraren frå Fitjar blei klar over kreftene sine for vel ti år sidan, har meir enn tusen menneske kontakta han. Fjerning av gjenferd i hus, lokalisering av vassårer og stråling, magnetterapi og healing er berre nokre av det han gjer ved sidan av tømrarjobben.

— Folk ringjer frå heile landet. Nokre pratar eg med på telefon, andre kjem hit til behandling, seier 56-åringen.

I kjellaren hans står to solide benkar for magnetterapibehandling. På golvet ligg ein heimelaga tappekasse for å lada ut negative spenninger. Sjølv sit han med ein metallvinkel i handa som gjev ulikt utslag under intervjuet.

— Det handlar mykje om å jobba med energi. Temmeleg mykje av plagane folk får skuldast energiblokkeringar. Det kan vera hendingar som har sett seg. Til dømes når nokon opplever at foreldra skiljer seg, eller folk kan få reaksjonar etter operasjonar. Eg kan ikkje forklara kva som skjer, men eg får løyst opp energien.

Kring 2000 blei han sjølv alvorleg sjuk, men fann forklaringa i jordstråling og påverknad frå straum. Sidan har han etter eige utsagn hjelpt mange som blir tappa for energi fordi dei anten heime eller på jobb oppheld seg i nærleiken av mineralårer og blir utsett for jordstråling frå grunnen.

— Du er kjend for å driva ut gjenferd. Kva skjer?

— Folk ringjer meg og fortel at dei er heilt utslitne. Det er dører som smell og unger som blir plaga nattetid. Då tek eg meg gjerne ein tur til staden. Eg dreg energiane til meg og hjelper dei vidare inn i lyset, seier han.

Han fortel om det siste oppdraget han hadde på Stord for nokre veker sidan. Eit par som hadde flytta inn i eit hus følte seg fullstendig energilause. Ein kveld såg dei ein mannsperson som stod og peikte mot døra. Han ville ha dei ut, fortel Sætre.

— Etter at eg hadde vore i huset, ringde paret same kvelden og fortalde at dei hadde fått energien tilbake.