Spesielt langs strendene i Leikanger og Balestrand er det oppdaga daude fiskar i fleng.

Ei gåte

Forskar Kjell Nedreaas ved Havforskingsinstituttet i Bergen seier til Sogn Avis at dette er eit fenomen som tidlegare er registrert i Hardanger:

— Men vi har ikkje noko eksakt forklaring på kvifor det skjer.

Forskaren fortel at instituttet siste åra har fått fleire rapportar frå Hardangerfjorden om breiflabb som blir funne i fjøra. Tidspunktet for desse observasjonane er gjerne i februar, mars og april.

— Det er også vanleg at fiskane som blir funne er fulle i rogn, seier Nedreaas.

- Naturleg Han trur difor at det er ein samanheng med gytetida. Teorien er at gyteklar breiflabb samlar seg i djupholer i fjordane. Så lyfter dei seg frå botnen og slepper rogna. I ein trong fjord kan det då vere kort veg til land.

— Dersom fisken driv feil av garde kan det ende med at stranding.

Dei siste dagane har det gått føre seg testing av seismisk utstyr frå fartøy på Sognefjorden. Mange spekulerer på om seismikkskytinga kan vere årsaka, men det har Nedreaas lite tru på:

— Dette er nok eit naturleg fenomen.

Funnen også i Bergen

Torsdag vart det også funnen ein daud breiflabb ved Marineholmen i Bergen.

Havforskar Otte Bjelland ser en klar samanheng mellom denne fisken og dei som har dukka opp langs Sognefjorden.

— Dette gir enda meir støtte til hypotesen om at breiflabben flyt opp i samband med gyteprosessen, seier han til bt.no.

Han fortel at fisken truleg har blitt råka av sterk straum i vatnet eller vind, og slik blitt skylt på land.

— Dette har også skjedd i Bergen før, men vi er veldig glade for slike tips, seier han.

Har du sett stranda breiflabb i det siste? Bruk kommentarfeltet under!

ENDA EN: Torsdag fann Amer Kapetanovic denne breiflabben ved Marineholmen. FOTO: Amer Kapetanovic