Fyrstkomande sundag, 25. mai, står orienteringsgruppa i Voss IL og Borna sitt Turlag som arrangør av Finn Fram-dagen 2008. Påmelding og start ved Palmafossen skule kl 12.00 – 14.00, siste ”målgang” innan kl 15.00. Tilbodet høver for heile familien. Det er ikkje naudsynt å kunna noko om kart og kompass for å delta!

Pris kr 20.— pr pers, maks kr 100.- pr familie. Deltakarpremie til alle born under 16 år.

Prøv ymse O-aktivitetar: Merkt småtroll-løype utan kart. Barnevognvenleg løype med kart, der alle postane ligg nær ljosløypa. Postplukk med både lette og vanskelege postar for små og store. ”Plukk” så mange postar du ønskjer eller orkar. Prøv EKT, tidtakarsystemet i O-sporten. Kven er raskast gjennom sprint-løypa?

Borna sitt Turlag vil ha leir ved ein av postane. Her blir det bål og steiking av pinnebrød.

Sal av Tur-O konvoluttar med alle dei 40 postane ferdig innteikna på karta over Bømoen (10), Hanguren (15) og Lemmesmarki (15). OBS! Alle som kjøper Tur-O på Finn Fram-dagen får rabattkort på Hangursbana sommaren 2008. Dei 10 postane i Bømoen vil vera på plass frå 25. mai. Nokre av postane på Hanguren vil vera på plass frå 8. juni. Elles vil alle postane på Hangu-ren og i Lemmesmarki vera på plass frå 15. juni.

Utekafé ved Palmafossen skule med sal av kaffi, kaker, bollar og vaflar. Gratis saft.

O-gruppa i Voss IL og Borna sitt Turlag ønskjer alle velkomne!