Finn Fram-dag i Bømoen sundag 26. april frå kl 12.00.

O-gruppa i Voss IL og Borna sitt Turlag inviterer til Finn Fram-dag i Bømoen.

Påmelding og start ved Palmafossen skule 26. april kl 12.00 – 14.00, siste målgang kl 15.00.

Kr 20.— pr pers, maks kr 100.- pr familie. Deltakarpremie til alle born.

Trekking av premiar på ”startnr” kl 15.00.

Sykkel-O

Bruk sykkelen og sykle til nokre av Tur-O postane i Bømoen.

FotO

Finn vegen til Borna sitt Turlag ved å gå frå foto til foto.

Grille pinnebrød hjå Borna sitt Turlag.

Postplukk

Finn så mange postar du vil i området rundt Palmafossen skule og innover i Bømoen.

EKT

Sjå kor rask du er i ei mini-O-løype med Elektronisk tidtaking.

Tur-O

Til saman 40 postar på karta Bømoen, Bulko og Ukvitne.

Bømoen vil vera klar til Finn Fram-dagen. Postane her kan nåast med sykkel eller til fots.

Postane på Bulko og Ukvitne vil vera på plass til sundag 14. juni.

Pris for konvolutt med 3 kart kr 150.-.

Kafé

Sal av kaffi, kaker, bollar og vafler. Gratis saft til borna.

ALLE VELKOMNE!