Fjelltoppane er enno kvitkledde av den siste snøen.

Ned mot den himmelblåe fjorden ligg grøne bakkar der frukttrea står kledde i full blomst.

Når det blomstrar i Hardanger, fins det ikkje ein finare stad på jorda. Det seier i alle fall songen.

Blomstringsbarometer

Fruktbløminga i Hardanger ligg litt etter skjema denne våren, på grunn av det litt kalde vêret.

Men denne helga skyt vårens vakraste eventyr fart.

Ullensvang herad har laga eit «blomstringsbarometer» i samarbeid med Bioforsk på Lofthus. Der kan vi følgja med på korleis bløminga utviklar seg.

Både plomme— og morelltre blomstrar no, tre veker etter fjoråret. Desse sortane er snart ferdige å bløma.

Denne helga starta også epletrea, ifølge barometeret, med ein topp uti denne veka.

Blømer i 14 dagar

Oddmund Frøynes ved Bioforsk på Lofthus ser ut over blomstrande pæretre.

— Det er eit flott syn, men eg ser det også som begynnelsen på eit arbeid som må gjerast, seier han.

Bikuber må plasserast ut blant trea. Blomane klarar ikkje jobben åleine.

— Det er litt pollinering av for eksempel ville humler, men her er det så mykje blomar at dei klarar ikkje med alt, fortel Frøynes.

Vêrmeldinga fortel om litt regn og ikkje så mykje varme, men epleblomane er komne så langt at dei ikkje kan avbryta blomstringa.

— Dei treng tre eller fire dagar på å koma ut i full blom. Deretter blømer dei i om lag 10 dagar.

Kvar skal ein dra?

- Fruktbøndene har to spennande veker framfor seg då?

— Ja, biene likar ikkje å jobba om temperaturen går under 12-13 grader. Vind og regn likar dei heller ikkje, fortel han.

Men kor skal ein ta blomstringsturen?

Det går nesten ikkje an å køyra feil når alt frå løvetann til epleblomar fargelegg landskapet.

Begge sider av Sørfjorden mot Odda er full av fruktgardar.

Strekkja mellom Jondal og Utne er også eit syn i desse dagar. Den vegen er dessutan freda av Riksantikvaren.

Tar du turen? Fortel i kommentarfeltet nedanfor.

FJELL OG FJORD. Berre hardingfela manglar. ARKIVFOTO: Eirik Brekke.