Ådne Lunde

INTERVJUET ER OVER. På statssekretær Hareides bord står ei diger skål med søtsaker. Eg tar ein seigmann og er imponert over den nyvalde nestleiaren i KrF, som klarar å la alt dette godtet stå urørt til gjestar på kontoret. Eg slår notatblokka saman. Knut Arild Hareide er ein imponerande flink fyr, og eg vil heim.

— Du prøver å teikna eit glatt bilete av meg? Hareide ser nesten litt bekymra ut.

— Eh, eg prøver vel verken det eine eller det andre, eg spør no berre ...

— Vel, eg kunne fortelja om eit utdrikkingslag i fjor?

— Ja?

— Vi var på ein folkehøgskule og ville tvinga brudgomen inn i ein tørketrommel, men han nekta.

— Ja ...

— Og så hoppa eg inn i trommelen sjølv for å visa at det kunne gå. Då fekk eg meg 30 rundar i ein varm tørketrommel!

— Korleis var det?

— Omtrent som i ein politisk debatt, eg følte ikkje alltid at eg hadde full kontroll, seier Hareide og smiler avvæpnande.

SMILET ER DER først og sist og heile tida. Smilet kjem fleire meter framfor Knut Arild Hareide og møter oss i trappa. Maktas sentrum, regjeringskvartalet, Det kongelege norske finansdepartementet. Veltrent, kjernesunn og dresskledd ser Knut Arild ut som finans, kapital, Frogner, Paris og New York. Men så slepper den lyse røysta fram ein mild vestnorsk havbris. Ein konfirmant frå Bømlo.

— Eg har aldri fått kommentarar frå kompisane heime på innhaldet i noko eg har sagt, men knotar eg, så ringjer dei på flekken, seier Knut Arild. Om han er så syndig å seia det i staden for da , får han klar beskjed.

Knut Arild Hareide er nyvald nestleiar for KrF. Han går frå jobben som statssekretær i Finansdepartementet. Bondevik sin mann hos Per-Kristian Foss skal over i reint partiarbeid.

«VERDEN TRENGER FOLK som har større drømmer enn billigere bensin», står det på eit fint innramma oppslag over skrivebordet. Knut Arild Hareide har draumen om Bømlo på 1970 og -80 talet.

— Ein fantastisk stad å veksa opp. Der vart du sett som menneske, der var omsut og omtanke, seier han entusiastisk. Han ramsar opp: Ein kjempegod skule. Lagsliv og kulturliv som inkluderte alle. - Til og med ein slik som eg fekk vera med å spela fotball, seier Knut Arild. Før han held fram med å prisa næringslivet på øya. Kapitalistar etter hans hjarta, som sette sosialt ansvar og langsiktig tankegang framfor ønsket om kortsiktig profitt.

— Du ville helst omforma heile Norge til eit einaste stort Bømlo?

— Ja, det kan du seia, seier mannen som ikkje kjenner seg att når han blir plassert på høgrefløya i KrF. Sosialpolitikk, fordeling av rikdom nasjonalt og internasjonalt og miljøpolitikk er hjartesakene.

— På Bømlo var det lite skilnad på folk. Er det noko eg reagerer på så er det dei høge leiarlønene. Eg meiner einskilde næringslivsleiarar har vist svært dårleg moralsk og etisk vurderingsevne. Og forbausande dårleg evne til å forstå folk flest sine reaksjonar.

- MEN MÅ EIN IKKJE BETALA for å få gode leiarar?

— Den argumentasjonen har eg aldri forstått. Det er nok av dei som vil vera leiarar.

Knut Arild Hareide sitt yrkesliv tok til som avisbud for BT på Bømlo. Sidan var den kjekke guten headhunta av damene på posten til postarbeid. Så vart det siviløkonomutdanning ved Handelshøyskolen, der ifrå slapp han gjennom eit pinetrongt nålauga, og vart trainee i Schibsted.

I den første Bondevik-regjeringa vart han henta til Kyrkjedepartemenetet av Lilletun. Då denne regjeringa fall, hadde unge Hareide tre jobbtilbod før klokka 12. Han gjekk tilbake til Schibsted, der han fekk jobb etter at traineetida var over, før han vart henta til Finansdepartementet. I Schibsted ventar og vonar dei på at bømlingen skal verta lei politikken og koma tilbake.

- DÅ DU VAR 18, gjorde du ungdomsopprør ved å melda den inn i mor di sitt parti, KrF?

— Nei, det har ikkje nett vore så mykje opprør, men eg har alltid vore samfunnsorientert. Eg vart beden om å stilla på lista, og stod langt nede, men vart kumulert inn. Den politiske interessa utvikla seg då eg kom inn i kommunestyret.

Gode kjelder hevdar at det manglande opprøret kjem av ei svært liberal oppseding. I familien Hareide, med fem brør, var det ikkje uvanleg med tre rettar til middag. Ingen måtte eta middag dei ikkje likte. Og som yngstemann fekk Knut Arild rimeleg frie tøylar, vera oppe seint og sjå det han ville på fjernsynet.

— Er du ute etter makt?

— Nei, då hadde eg ikkje gått frå stillinga som statssekretær for å bli nestleiar i KrF, seier Hareide.

IKKJE KAN DET VERA appetitt på pengar heller som er drivkrafta for den unge siviløkonomen. Han gjekk kraftig ned i lønn då han forlet Schibsted.

— Kva er det som driv deg?

— Det er utfordrande og spennande å jobba med politikk. Eg ønskjer å vera med å forma politikken i KrF og i regjeringa. Eg vil vera med å forma samfunnet i den retninga eg ønskjer, seier Hareide.

— Har du eit sterkt konkurranseinstinkt?

— Nei, ikkje i det heile tatt. Eg er ein som er godt nøgd med 2-2. Og det kan sanneleg vera ein fordel når ein held med Brann.

— Du blir i fleire avisartiklar skildra som glatt, korleis er det?

— Det er ikkje den kjekkaste karakteristikken ein kan få, eg trur ikkje nokon vil lika å sjå seg sjølv slik. Eg vonar at eg gjennom mitt politiske arbeid kan visa at eg ikkje er slik.

Nederlag

— Konfliktsky er eit anna ord som har blitt brukt om deg?

— Eg søkjer ikkje konfliktar. Det kan også vera ein styrke å søkja samarbeid og finna løysingar. Eg meiner eg er god til det, seier Hareide.

— Kva er ditt største nederlag så langt?

— Mmmm, seier Knut Arild før det vert stilt. Lenge.

Hadde han fått spørsmålet for eit halvt år sidan ville han ha svart at han ikkje hadde kjæraste. Men for eit halvt år sidan trefte han Eva-Charlotte Stenset (25) som er nyheitsanker i TVNorge. Dei møttest i Storsalen, indremisjonens forsamlingslokale i Oslo. Eva-Charlotte smiler blitt frå bilete på veggen, mens Knut Arild tenkjer vidare. Eg tar nok ein sjokolade frå fatet.

— Kan vi koma tilbake til det, seier Knut Arild til sist.

- DU HAR IKKJE VORE så heldig med damene?

— Eg har hatt nokre kjærastar, og eg har ikkje slått opp med nokon av dei, seier Knut Arild.

Sjølv om han no har kjæraste, er det ikkje snakk om sambuarskap. Han bur saman med den to år eldre bror sin, Steinar, slik han har gjort i 30 år.

— Det er kanskje min største siger så langt, og det er fantastisk å ha eit menneske som ein kjenner så godt, seier Knut Arild. Broren er hans viktigaste rådgjevar.

— Men han er også ein konstruktiv kritikkar, og det er viktig å ha når det er så mange som heiar på ein.

Og han har det fint på heimebane. Advokatbroren hevdar han har betre tid enn statssekretæren, så han tek seg av husarbeid og bil. Knut Arild har klart definert ansvar i heimen: Han skal stella potteplantene (som det ikkje går så bra med) og tøma papir. Han har også ansvar for det sosiale, og det går svært bra.

KNUT ARILD er ein travel mann. Når han ramsar opp dagsprogrammet sitt, kan ein bli heilt skjelven:

Klokka 6.15 er han på offroadsykkelen på veg frå Skøyen. 6.45 møte med vener i Katakomben, eit av indremisjonens lokale. 8.15 møte med Ingebrigt Sørfonn. 9.00 møte med Victor Norman 11.00 møte i Forsvarsdepartementet. 12.30 møte med stortingsrepresentant Rigmor Larsen. 14.00 er det tid for BTs fotograf, før møtet i med Finansmarkedsavdelingen klokka 14.30, og finansfraksjonen i stortinget klokka 15.00 og gruppemøte ...

— Får du tid til mat?

— Det uroar mamma seg over også, seier Knut Arild. Han får i tillegg til jobben tid til å vera saman med vener, fotball, sykling, ski og sist men ikkje minst kristenliv. Barnetrua held han ved like i Storsalen, trygg luthersk indremisjon.

- KVA SYNEST DU om kvinnelege prestar?

— Prestane gjer ein god jobb anten dei er kvinner eller men, seier Knut Arild. Den einaste staden han ikkje vil ha kvinnelag prestar er på fotballbanen der han spelar med siviløkonom-, preste- og journalistvener.

— Der godtek vi ikkje kvinnelege siviløkonomar eller journalistar heller.

— Kva meiner du om homofili?

— Eg meiner at Kyrkja skal få avgjera den saka sjølv. Eg er siviløkonom, ikkje teolog.

— Men meiner du personleg at homofili er ein sjukdom, som kan helbredast med bøn?

— Nei, eg meiner ikkje at homofili er ein sjukdom!

— Kva med abortsaka?

— Kampen mot abort er ei viktig ideologisk sak. Vi kan ikkje heva oss over at livet er heilagt.

— Ønskjer du den gamle ordninga med nemder tilbake?

— Eg kan ikkje seia akkurat korleis lova bør utformast, men eg meiner at fri abort er feil. Dette er ei etisk vanskeleg sak, men det må finnast betre løysingar, seier Knut Arild.

- OG SÅ MEINER DU seksuallivet høyrer ekteskapet til?

— Det høyrer privatlivet til. Eg har valt å svara slik på dette spørsmålet. Som politikar er det rett, seier Knut Arild.

— Kjenner du deg uvel i ein kultur der alkohol og sex dagleg er tema i media?

— Eg gjer mine val. Som politikar skal eg ikkje fortelja andre kva val dei skal gjera. Noko anna er det om gode vener kjem til meg for å få personleg råd. Som politikar kan eg jobba for det kristne verdigrunnlaget i skulen, men det blir noko anna enn å fortelja folk korleis dei skal velja privat, seier Knut Arild. Han understrekar at han aldri ville senda eigne barn til kristen privatskule.

— Det er eit personleg val. Eg ønskjer å kjempa for den offentlege skulen. Samstundes vil eg som politikar forsvara dei private skulane, for å gje andre høve til å gjera andre val, seier han.

Knut Arild likar ikkje den sterke fokuseringa på seksualmoral og kjønnsliv i Kristen-Noreg. Han meiner det er viktigare saker å gripa fatt i. Siviløkonomen vil heller gripa fatt i den sterke materialismen.

— Vi må dyrka andre verdiar, seier han.

STATSSEKRETÆREN er sjølvsagt fråhaldsmann, men i festleg lag er det ingen som kan merka det. Etter to glas Cola går han dei fleste ein høg gang sosialt, også dei som hjelper seg med alkoholen.

— Fråhaldssaka er ikkje eit trusspørsmål. Eg er fråhaldsmann av to grunnar. Den eine er kulturell arv frå Bømlo. Den andre er solidaritet med dei som ligg under for alkoholen.

— Men du har innrømt eit halvt glas raudvin med Hans Erik Matre og Andreas Norland i Danmark?

— Ja, etter at dei hadde snakka om denne vinen i over ein halv time, måtte eg nesten smaka.

— Korleis smakte det?

— Nei, det hugsar eg ikkje. Men eg er god på alkoholfri vin. Der meiner eg at alkoholfri raudvin burde vera forbode ved lov. Det er som 15 nattverder på ein kveld. Men alkoholfri kvitvin er godt!

Den unge bømlingen, som kvar dag finn plass ved levemann Per-Kristian Foss si høgre side på møterommet i Finansdepartementet, veit kvar han kjem frå. Intervjuet er over. Han fortel historia om tørketrommelen. Eg tenkjer at han trygt kan ta over og styra landet, og er på veg ut. Då seier han:

— Du spurde om mitt største nederlag?

— Ja?

— Eg har eit sterkt ønskje om å vera meir sosialt engasjert. Det synest eg ikkje eg har klart i tida som statssekretær. Der er eg skuffa over meg sjølv.

HÅVARD BJELLAND (foto)