I fjor var det 45 000 besøkjande og i år kjem dette talet til å liggje like under 55 000.

Direktør ved Akvariet, Keef Oscar Ekeli, seier til Kystradioen at årsaken er ei blanding av det dårlege veret og den store innvesteringa dei har gjort i å fornye Akvariet det siste året.

Også Fløibanen er så langt i rute med dei budsjetterte inntektene. I forhold til same periode i fjor er det litt fleire som reiser med banen, trass i det dårlege veret.

Administrerande ansvarleg, Evy Finne, seier at det gjennomsnittleg har vore 7400 påstigningar kvar dag denne månaden, med ein topp på nesten 9600 onsdag.