— Det er ikkje så lenge sidan vi flytta hit, seier Lars Løge (27), og smiler nøgd rundt om i dei lyse lokala til Flimmer Film høgt oppe i eit bygg i C. Sundts gate.

For fire år sidan starta han og tre kameratar produksjonsselskapet Flimmer Film på eit innfall. Dei gjekk alle på Universitetet i Bergen. Møtte kvarandre på faget Fjernsynsproduksjon.

Hausten 2000 var det trøbbel på gang i Praha. Frå store delar av verda rann det inn meir og mindre radikale folk som skulle demonstrere mot Verdsbanken og IMF.

— Vi tok det vi hadde, eit gammalt kamera og ei gammal redigeringsmaskin som så vidt hang i hop, mimrar Løge.

Dokumentarar på TV 2

Han drog ned saman med Christer Fasmer (30). Følgde i helane til demonstrantar frå Bergen og Italia. Resultatet vart TV 2-dokumentaren Praha 2000. Men først etter at TV 2 hadde tent på utkastet og gitt karane 250.000 kroner.

Året etter fekk dei nye 400.000 av TV 2 for ein dokumentar om ein norsk pokerspelar som drog til Las Vegas for å vinne ein million dollar.

Dei lagar òg informasjonsfilmar og reklame, men ikkje berre for å tene pengar, påstår dei sjølve. Men lett er det ikkje.

— Det er mange kamelar å svelge. Det å behalde integriteten og klare seg økonomisk samstundes krev mykje jobb, seier Løge.

Døgnet-rundt jobbing

I tv og filmbransjen er det nok av frilansarar og folk som arbeider for luseløn. Den siste av dei fire karane i Flimmer sa opp deltidsjobben for nokre månader sidan. Løge hadde siste arbeidsdagen på Cafe Opera i fjor sommar.

— Eg har jobba 24 timar i døgnet i litt for mange år. Eg jobba i nesten to år av Flimmer-tida på Cafe Opera. Først frå ti til seks her, så heime eit par timar, så åtte til fire om natta på Opera. Det var galskap, seier Løge.

Men trass i at dei knapt har fått hovudet over vatnet, økonomisk sett, har det allereie byrja å renne inn med folk som vil ha jobb.

— Vi får sinnssjukt mange henvendelser frå folk som vil inn, som har prosjekt dei vil ha oss med på eller som vil ha jobb. Du kan velje å vrake - det er utruleg mange som er godt kvalifisert, seier Eivind Tolås (29).

Han meiner det er mykje lenger mellom folk som har noko å fortelje, enn folk som beherskar det tekniske apparatet. Og i ei tid der born kan lage filmar heime med eit videokamera og ei datamaskin blir det neppe færre i åra som kjem.

«The hard way»

— Vi har hatt litt flaks. TV 2 kunne sagt nei til dei to første dokumentarane. Då hadde eg no jobba på Opera på heiltid, seier Løge, når vi spør om kvifor akkurat dei har klart seg.

OK. Det er steinhardt å få jobb. Men desse fire har då klart det. Ved å starte opp sjølv. Då må vel det vere vegen å gå?

— Nei, nei, nei, protesterer Løge, Tolås og Jonny Holmvåg (31) i kor.

— Du skal tenkje deg jævlig godt om før du startar eit produksjonsselskap, seier Holmvåg, som er dagleg leiar i Flimmer.

— Det er «the hard way». Eg har òg sett folk som har gått under, utfyller Tolås.

- Villig til å ofre mykje

Alice Bratshaug (23) sit i eit halvmørkt rom. På dataskjermen framfor henne flimrar opptak til den neste dokumentaren frå Flimmer, ein om sprøyterom.

Bratshaug er på utplassering frå dokumentarfilmlinja i Volda. Ho vil jobbe med dokumentarfilm eller tv, men ho veit det kan bli mange harde år som frilansar før ho klarer å leve av det.

— Eg ser jo at det er det som er framtida. Difor lurar eg på å ta ein master for å kunne undervise ved sida av. Men det er dette eg vil, så eg er villig til å ofre ganske mykje, seier ho.

Den store prisen

Cannes 23. mai 2003. Tre karar frå Bergen har fått seg ein skikkeleg nedtur. Frå podiet vart dei ropt opp som vinnarar av Kodak-prisen for kortfilmen «Love is the law». Dei reiste seg opp. Jublar. Men dei blir hysja ned att. Folka på podiet har ropt opp feil selskap. Ein skikkeleg nedtur.

Men dei kjem opp att. Flimmer Film vinn hovudprisen. Festar heile natta. Framtida er lys. Prosjekta står i kø.

Filmbransjen er ikkje staden der du går ut frå skulen og inn i ein trygg og god ni-til-fire jobb.

I Bergen er det rundt 1000 personar som arbeider med film og tv. Ein del arbeider fast i NRK, TV 2, TV Hordaland og ulike produksjonsselskap, men dei fleste er frilansarar.

Utanom tv-stasjonane er bransjen organisert rundt såkalla produksjonsselskap, dei fleste med nær tilknyting til TV 2. Dei lagar tv-program, reklamefilmar og dokumentarar. I tillegg lagar dei eigne ting, som spelefilmane «Himmelfall» og «Villmark».

— Det finst eit 20-tals aktive, oppegåande og stabile produksjonsselskap i Bergen. Det er ofte selskap som blir drive av ein eller få personar, som så knyter til seg fleire til konkrete prosjekt, seier Torill Svege i Bergen Media By.

Sjølv om mange har ein fot innanfor bransjen, er det ikkje mange som lever av det. For å bli medlem i Norsk Filmforbund må du hente hovudinntekta di frå filmproduksjon. Dei har rundt 55 registrerte medlemmer på heile Vestlandet.

Medan høgskulen i Volda har dokumentarfilmlinje og det i Stavanger er ei filmlinje, er det til Lillehammer du må for å kome på landets einaste filmskule. Den Norske Filmskulen gjev treårig film- og fjernsynsutdanning, fordelt på seks linjer. Kvart år tek skulen opp 4-6 studentar på kvar linje.

SUKSESSHISTORIE: Eivind Tolås, Lars Løge og Jonny M. Holmvåg har kome seg opp og fram i filmbransjen i Bergen, saman med Christer Fasmer, som er i Panama og lagar dokumentarfilm.<p/>FOTO: ARNE NILSEN