Den dømte 35-åringen har ei fortid som etterretnings— og motstandsmann i heimlandet i Midt-Austen. I Noreg har han arbeidd med fleire filmprosjekt. I fjor sommar rekrutterte han ungdommar på gata i Haugesund til ein ny film med hemn som tema.

Opptaka skjedde på ein skytebane i Sveio i midten av juli i fjor. Ei 15 år gammal jente blei påført handjern. 35-åringen pressa henne til å kyssa seg. Deretter befølte han henne på innsida av buksa.

Realistisk vald

35-åringen er også skulda for seksuelle tilnærmingar mot to andre ungjenter i samband med filminnspelinga. Ei av dei blei filma medan ho motvillig kledde av seg.

I Sunnhordland tingrett stod mannen også tiltalt for å ha plaga ungdommen som spelte skurken i filmen. Guten blei festa med handjern dels hengjande i ein vegg med berre tåspissane i bakken. Han blei deretter slegen kraftig i andletet.

Tingretten frifinn 35-åringen for denne scena. Retten meiner at ungdommen hadde godkjent scena på førehand. Mannen er også frifunnen for å ha tvinga til seg eit kyss av ei ung Karmøy-jente. Tiltalte forsvarte seg i retten med at ei slik handling ville vera umoralsk etter hans syn.

Dessutan hadde han ein tannkjøtsjukdom som gjorde det uaktuelt.

Seksuell kontakt

Det er handlinga mot den 15 år gamle jenta som har fått retten til å dømma 35-åringen til 30 dagars fengsel. I tillegg er han funnen skuldig i å ha forulempa politiet ved å kalla tenestemennene for fascistar. Det skjedde under transporten til vartektsfengsel i Bergen, der han sat i 16 dagar.

Retten regarerer på måten ungdommane er blitt involverte i filmprosjektet. Dei blei lokka med utsikter til store inntekter. Særleg blir 35-åringen si behandling av dei tre jentene kritisert. Retten påpeikar at jentene var svært unge og at kontakten mellom filmmakaren og jentene hadde preg av seksuell kontakt meir enn av filmopptak.