Men så var det veret, då. Vestlandsveret. Regnbyger og skoddedis. Dårleg sikt frå tårnet på Nordhordlandsbrua. Helikopteret som ikkje kunne letta i drittveret.

I det heile; lite vakkert å laga nordhordlandsreklame av. Så då var det berre å senda eit par hundre frammøtte løpsstatistar heimatt.

— Me vart slått av veret denne gongen, innrømmer Helge Brekke, ein av pådrivarane bak filmprosjektet.

— Når skyene ligg nedi tretoppane er det berre heilt håplaust. Men me prøver til att, ver du sikker, seier han og legg ut på joggetur – i Knarvikregnet.

MÅTTE GI TAPT: - Me vart slått av veret denne gongen, innrømmer Helge Brekke, ein av pådrivarane bak filmprosjektet.
Erlend Spurkeland
INGEN GOD REKLAME: Nordhordlandsbrua viste seg ikke frå si beste side.
Erlend Spurkeland