I spelebyen er håpet å kome nær pornografen og storgamblaren Larry Flynt. I indianarreservatet skal dei følgje bergensaren Kaare Vassenden, som skal adopterast av ein indianarfamilie.

Poker og porno

Flimmer Film har jobba med kortspel før. I dokumentaren «Poker», som hadde premiere i Bergen torsdag, følgde teamet dobbelt noregsmeister Snorre Rotbæk til poker-VM i Las Vegas. Dokumentaren blir vist på TV 2 10. april.

No dreg det vesle filmselskapet tilbake til USA til den søkkrike, myteomspunne, pokerspelande pornokongen Larry Flynt, som gir ut bladet Hustler. I 1996 lagde regissøren Milos Forman film om han. Kontaktleddet mellom Flynt og Flimmer er ein nordmann, som regelmessig spelar poker med superkjendisen.

— Vi har ein munnleg avtale gjennom Tor Hansen, som er den første ikkje-amerikanaren som har vunne VM i poker, fortel Christer Fasmer og Lars Løge i Flimmer Film til BT.

Oppfølgaren til «Poker» skal fokusere på tal, strategi og oddsrekning i spelet. Eksperten Snorre Rotbæk blir med tilbake til Las Vegas som konsulent.

1100 kilometer i kano

Samtidig skal filmteamet pendle til Sør-Dakota, der Kaare Vassenden frå Bergen skal bli innlemma i ein indianarfamilie i Lakota-stammen, og få indiansk namn. Til den høgtidelege seremonien er det venta fleire hundre indianarar. Men først skal bergensaren padle 1100 kilometer på elva Cheyenne.

— Det blir Kaares pilegrimsferd mot namneseremonien, forklarar Løge og Fasmer.

Som padlar like bak med kano og kamera.

EKSPERTHJELP: Pokermeister Snorre Rotbæk (midten) er konsulent for Flimmer Films Lars Løge (t.v.) og Christer Fasmer når dei reiser til Las Vegas for å filme oppfølgjaren til «Poker».
FOTO: GIDSKE STARK