Garderoben ved Hyen skule var full av 12-13 år gamle jenter då tjuvfilmaren slo til om kvelden.

— Den vart oppdaga heilt tilfeldig, og jentene såg gjennom opptaket før filene vart sletta, seier leiaren for Hyen IL, Judit Aa, til avisa Firda.

Ukjend mobil

Jentene hengde mobilen tilbake på knaggen, med modus for opptak stengt av. Ingen av jentene visst kven sin mobil det var.

Då trenaren fekk høyre om saka og ville saumfare ho nærare, var mobilen borte.

Minst ei av jentene var synleg på mobilvideoen.

— Det var ei sjokkoppleving for alle, og slik vil vi ikkje ha det. Difor har vi meldt saka til politiet, seier Judit Aa til Firda.

Lokalet som vart nytta, står opent det meste av døgeret. Kvem som sto bak filminga, kan verte vanskeleg å finne ut. Mobilfilminga skjedde ei veke før julaftan.

Politiet etterforskar

  • Vi har avhøyrt personar, men veit enno ikkje om det er ei medviten handling eller om det heile har ei anna forklaring, seier Gloppen-lensmann Nils Ove Roset til Firda.

Overfor avisa skildrar han saka som veldig ubehageleg, og seier at politiet gjer sitt ytterste for å få klarlagt kva som har skjedd, og kven som står bak.