E16 på Filefjell har vore open frå fredag til måndag, trass i vegarbeid ved Maristova.Denne helga vert vegen ikkje opna som planlagt på fredag.

Delar av fjellet rasa ut

— Delar av fjellet under der det vart sprengt rasa ut. Det er snakk om to store steinblokker, på om lag ti kubikk kvar. Arbeidet vart vanskeleg og vi klarer ikkje å få opna vegen på fredag, seier prosjektleiar for E16 Filefjell, Oddvin Ylvisaker.

Vegen har vore stengt på vekedagane sidan midten av august. I samband med bygginga av ny veg mellom Smedalsosen og Borlaug har E16.

— Det ligg store steinmassar og steinblokker i vegbana som må sprengjast og lastast vekk. Fjellsida er ustabil, og reinskingsarbeidet kan ikkje utførast før den er sikra. Det let seg ikkje gjere å få gjort dette innan komande fredag 7. september, seier Oddvin Ylvisaker.

Omkøyring om Årdal

Skal du til hytta på Filefjell i helga, må du køyra om Årdal. Det er nokre mil ekstra, avhengig av kvar på Filefjell du skal.

— Og snøen er komen på fjelltoppane no, melder Ylvisåker frå Maristova.

Vegvesenet tek sikte på å opne vegen neste fredag, den 14. september.

Her finn du vêrmeldinga for Filefjell.

OMKØYRING: Skal du til Filefjell i helga må du ta turen om Årdal. Skal du til Lillehammer eller deromkring, er vegen om Gol truleg raskast.