TERJE ULVEDAL

Familien på fire hadde englevakt då steinen trefte bilen ved Eldegard i Årdal like etter klokka åtte i dag tidleg. Ein av ungane som sat i baksetet fekk eit lite kutt i hovudet, elles er alle uskadde.

— Steinen har slått gjennom frontruta, gått ned i dashbordet, halde fram opp i taket ved bakruta og deretter rikosjettert framover att i bilen. På veg frå bakruta og framover att sneia steinen hovudet til den yngste av dei to gutane som sat i baksetet, fortel politibetjent Oddgeir Otterdal til bt.no.

Steinraset gjekk ved utgangen ved Eldegard ved utgangen av Midnestunnelen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Området er rekna som svært rasutsett.

— Det kan sjå ut som om steinen har delt seg inne i bilen. Vi har i alle fall funne to steinar, opplyser politiet.

Familien var på veg frå Årdal til Bergen på påskehandel.