• Vi valde å laga ein fest. Å gle oss over det som har vore. Det er viktig å avslutta skikkeleg.

Aktivitørlærar Ester Irgens ved Voss Husflidskule ville ikkje la vemodet ta overhand fordi om aktivitørlina ved skulen no vert lagt ned, det siste utdanningstilbodet for aktivitørar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

I staden vart det laurdag skipa til ein heidundrande jubileumsfest for ei fagutdanning som har vore svært oppegåande i 30 år.

Det er skral kommuneøkonomi som har teke knekken på utdanninga. Når viktige kommunar som Bergen og Voss ikkje lenger tek inn aktivitørar som lærlingar, er utsiktene til fagbrev små.

— No er det mykje snakk om eldrebylgja, men dei tek bort det som gjer kvardagen trivelegare for dei eldre, filosoferer ein pensjonert lærar.

— Sjølv om alle brukarane har krav på aktivitet, på line med mat og medisin, unnlet mange kommunar å tilsetta aktivitør. Dei meiner at sjukepleiarar kan gjera denne jobben også, forklarer nestleiar Camilla Torgeirsen i Hordaland Aktivitetslag.

Leiaren i Aktivitørenes Landsforening, Tone Sommer, trur at pendelen snart vil svinga tilbake. Når aktivitørane har vore borte lenge nok, blir dei sakna. Sjukepleiarane har nok av andre oppgåver. Snart vil dei ansvarlege bli minna om at det finst ei yrkesgruppe, på eit lågare lønstrinn, som er spesialutdanna for oppgåva. Men det finst også dei som no tilset kulturarbeidarar for å underhalda dei eldre.

Aktivitøryrket er sterkt kvinnedominert. Av rundt 400 som gjennom 30 år er utdanna på Voss, er tre gutar. Av desse var Joar Augestad med på jubileumsfesten. Han går no læretida si i Kvinnherad, og har fagbrevet i sikte. Fleire av dei som har gått på skulen dei siste åra, har ikkje fått lærlingeplass, og strevar med å få seg jobb utan fagbrev, på eldresenter, i psykiatrien, skulefritidsordningar, barnehagar, fengsel eller andre stader der folk kan gå på veggene om det ikkje vert sett i aktivitet.