TERJE ULVEDALØYSTEIN TORHEIM (foto)

Dei to tok over farsgarden til Jan Inge på Rugsundøya i 1998, same året arbeidet på fastlandssambandet til Bremanger tok til.

— Hadde vi ikkje då vore sikre på at vegen skulle komme, ville vi aldri satsa på å slå oss ned her. Då ville Nygård på Rugsundøy blitt ferieplass for oss. Det var eit vere eller ikkje vere, bokstavleg tala.

Ei tåre i augnekroken

I går var ekteparet og far Paul mellom dei bortimot 2000 som var til stades då vegdirektør Olav Søfteland like etter klokka halv eitt klipte snora og erklærte Bremangersambandet for ope.

— Då eg sat og las i avisa om vegen her om dagen, var det nesten så eg fekk tårer i auga. Først no er det i ferd med å gå opp for meg at vi har fått veg, seier Jan Inge.

Han legg ikkje skjul på at gårsdagen var ein festdag:

— Dette er stort. Eg fekk ikkje vere med då første salva blei skoten i 1998. Men den gongen bestemte eg meg for at når opningsdagen kom, skulle eg vere her.

Veg til 1700

Linda Helen og Jan Inge er to av innbyggjarar på Rugsundøy og Bremangerlandet som i går fekk vegutløysing. Med sine rundt 1700 innbyggjarar er Bremangerlandet tettast folkesette øya i Sogn og Fjordane. Store fiskeindustribedrifter og ei aktiv satsing på turisme pregar næringslivet på øya.

På Rugsundøy er det 45 fastbuande. Men ikkje alle fekk vegutløysing i går. Austsida av øya med den gamle handelsstaden får det først når ein kommunal veg blir ferdig neste år.

Fleire av talarane som hadde ordet før vegdirektøren opna vegsambandet, gav uttrykk for at gårsdagen var ein merkedag.

— Å halde ein så oppdelt kommune som Bremanger saman, har til tider vore eit kunststykke. Frå og med i dag blir det langt enklare å drive kommunen. Og eg skal love at vi blir eigen kommune lenge, sa ordførar Einar Kjerpeseth.

Viktig del manglar

Sjølv om gårsdagen var prega av opningsfest, var mange likevel opptekne av at andre del av fastlandssambandet, frå Bortne til Langesi ved kommunesenteret Svelgen, ikkje er påbegynt. Først når denne vegen er bygt, vil fastlandssambandet få full effekt. Då kan det 40 minutt lange ferjesambandet mellom Kjelkenes på fastlandet og Smørhamn leggjast ned.

— Ser vi dette i samband med nedlegginga av ferjesambandet er vegen mellom Bortne og Langesi ein av dei mest økonomisk lønsame vegprosjekt i landet, seier vegsjef Lars Lefdal. Han håpar Bremangersambandet kan vere fullført i 2010.

Flytte heim

No håpar ekteparet Nygård at utflytte sambygdingar skal finne vegen heim til Rugsundøy.

Linda Helen er tilsett på Davik Fiskefarm, og har i tillegg stått for drifta av gardsbruket med 90 sauer og nokre kalvar. Jan Inge jobbar i Vågsøy kommune, og har hatt hybel i Måløy. Den kan han seie opp no.

— For oss begge betyr dette langt enklare veg til arbeid, langt enklare gardsdrift og vi kan gjere oss nytte av fritidstilbod både på fastlandet og Bremangerlandet. Eg håpar at vegen kan føre til at det blir etablert nye næringar og arbeidsplassar her, seier Jan Inge Nygård.

VEGFEST: Paul, Jan Inge og Linda Helen Nygård feira vegopning på Rugsundbrua i går. Med utsyn til mektige Hornelen.

SVERDKUTT: Langs vegen til Bremangerlandet ligg Nord-Europas største funnstad for steinalderbuplassar, og det historiske blei også markert då vegdirektør Olav Søfteland kutta snora og markerte opninga. Frå venstre: Fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar Einar Kjerpeseth, Søfteland og vegsjef Lars Lefdal.