— Vi er hoppande glade, seier Sverre Kleivkås, leiar i aksjonskomiteen for brua, og bas for bunadsferda til Oslo på den store Hordalandsdagen i Stortinget.

Etter halvannan time i snøføyka på Løvebakken kunne han kunngjera for den blåfrosne, bunadskledde flokken: - No er det berre fem minutt att til vi slepp inn på galleriet, så no må vi nyta vêret dei siste minuttane!

Opptina bunadar

Ved 15-tida hadde Stortinget debattert dei fire sakene på kartet. Hardingane og bergensarane på galleriet hadde for lengst fått varmen i seg. Stortingsepresentantane trykte på voteringsknappane for sju milliardar kroner til Bergen og Hardanger, men fire av milliardane må bilistane betala. President Thorbjørn Jagland let klubba gå i bordet.

— Vi hadde lyst å klappa etter mange innlegg, både om bybanen og Hardangerbrua, vedgjekk fylkesordførar Torill Selsvold Nygård.

Klapping vart det i rikt monn under Hardangergildet i Oslo Militære Samfunn om kvelden. For Ellen Utne (86) på Ullensvang Hotell vanka langvarig ståande applaus for aldri å ha gitt opp. Ei lang rekke personar som har hjelpt brua på plass, fekk gåver og rosande omtale.

Heidundrande fest

Rause hardingar let også dei som tidvis har vore lunkne til prosjektet, vera med på festen. Kven tel vel nederlaga på sigersdagen?

— Kvifor reisa inn til Oslo med siderdunken når saka eigentleg var avgjort, og det minst like godt kan festast i Hardanger?

— Vi ville visa takksemd overfor mange rikspolitikarar. Dei er det lettast å få i tale her. Men det skal festast i Hardanger og, ver sikker på det, forsikrar Kleivkås.

Frp forvirra

— Er du skuffa over at vedtaket ikkje vart samrøystes?

— Tja, sidan det vart sagt frå alle hald på Stortinget sin talarstol at vedtaket ville bli samrøystes, hadde det vore kjekt om presidenten hadde lagt røystinga opp annleis. Eg har forstått Frp slik at dei er for bru, men mot bompengar. No framstår dei som brumotstandarar. Det får vi tola. Fleirtalet (79 mot 24) var solid nok likevel.

Framsynt museumsmann

6. april 1938 omtala Bergens Tidende ein ide som bonde og museumsmann Arnfinn Bu hadde lansert: tunnel frå Eide (Granvin sentrum) til Vallavik, og bru over fjorden til Bu.

Vallavik stod ferdig i 1985. Fleire talarar i gårsdagens Stortingsdebatt siterte samferdsleminister Johan J. Jacobsen sine ord ved den offisielle opninga: «Har du klave, så får du bru. Har du tunnel, så får du bru».

Men for snautt ti år sidan sa Stortinget nei til brua. Bunadskledde hardingar på galleriet reiste molefonkne heim att. Tre dagar seinare svara Hordaland fylkesting at ein ikkje tok nei for eit nei. Hardingane hadde sett i gang att, med det som stortingsrepresentant Hilde Magnusson Lydvo frå Voss i går omtala som «eit vanvittig lokalt engasjement».

SKÅL FOR HARDANGERBRUA: - Vi er i festhumør, sier Sverre Kleivkås, leiar i aksjonskomiteen for brua, etter vedtaket i Stortinget i går. FOTO: HÅVARD BJELLAND