KNUT LANGELAND

Selhamar i Stølsheimen

FJELLET HAR ATTER EIN GONG rista av seg vinteren, og alt som skal leva her oppe, har fått det travelt no. Det er sommar til fjells, og vi møtest i fryd over liv og fargar og høvet til å nyta freden i denne heimen vi kjenner oss så knytte til.

For nett som plantar og dyr har lært at dei lyt nytta tida og kvar lyse time til å sikra seg og etterslekta, har vi erfart litt om kva livskraft som er å henta i sommarfjellet.

DET ER ei brokete forsamling av unge og gamle, single og familiar, noviser og veteranar, austlendingar og vestlendingar og endåtil eit knippe utlendingar som har sett seg stemne på Selhamar denne andre helga i juli. Men dette har vi sams: Dragninga mot fjellet og den intense gleda over det frie livet her høgt over kvardagen.

Det er fjellfest for tredje året på rad, og med den er liksom det offisielle startskotet for fjellsommaren avfyrt. Rundt førti friluftsentusiastar har samla seg på den største av hyttene i Stølsheimen, Selhamar, med sengeplass til eit halvt hundre. Dei fleste har funne vegen i høvet festen, men somme har berre på slump dumpa oppi det.

Selhamar er ein av dei mest brukte innfallsportane til Stølsheimen. På berre eit par timar kan ein ta seg fram hit frå Bjergane på Vikafjellet, eller frå enden av anleggsvegen ved Askjelldalsvatnet i Eksingedalen.

Hytta ligg ved foten av det mest karakteristiske landemerket i Stølsheimen, Raudberget, som skil seg frå alle dei andre toppane, der han ligg og skin koparbrun og naken i ettermiddagssola.

RAUDBERGET består av serpentin, som er ein eruptiv bergart, og heile fjellet er bokstaveleg talt gulpa opp i dagen frå jordas indre. Fjellet inneheld serpentin, medan den dominerande bergarten i områda rundt er fyllitt. Den raudbrune fargen på Raudberget skuldast rust. Mange av festdeltakarane nyttar høvet til ein tur opp på toppen (1143 moh.) før fellesmiddagen. Det er sett opp langbord utanfor hytta. Sommaren har lagt si varme hand over feiringa, og praten går livleg over finnbiff og sjokoladepudding, kaffi og litt attåt, til godvêrsskyene blir rosa, og skyminga legg seg over fjellheimen. Raudbergvatnet ligg blanksvart i vest, liksom Selhamarvatnet i aust. Berre ein og annan aure bryt spegelen i jakta på næring. Men det som er mat for fisk, er blodsugande plageander for oss, og stiftar og sprayar må etter kvart fram frå lommer og sekker.

TURLAGSLEIAR Asle Hindenes har ynskt velkomen, oppsynsmann Nils Kvamme har snakka om pionerane i fjellet, om veidemenn og handelsreisande og budeier, om bøndene som nett denne helga har buført og fått krøttera til fjells. Og så har han snakka om oss, turistane, vandrarane, vi som finn sjelebot og livsmot og kraft til kvardagen, meir enn ein leveveg og eit utkome i dei frodige dalane og på dei høge toppane.

Det ligg i angen, i den friske, reine lukta. Det ligg i den skarpe lufta, i armslag og olbogerom, og eg kjenner det der eg stig over lyngen i varmande sol etter morgonbad i krystall. Korleis eg fyllest av kraft og av lukke, korleis eg har sakna sommaren til fjells.