• Det blir sikkert stor fest for Saddam i helvete - når han kjem dit!

Denne spådommen vart framført av Arne Andersen, lærar ved Voss Husflidskule, som heldt appell då elevar ved dei vidaregåande skulane tysdag demonstrerte mot krigen i Irak.

Men om Saddam er aldri så mykje «bad guy», så er ikkje krigen i Irak nokon rettvis krig, hevda appellanten på plassen framfor Voss Tinghus.

— Det er ein imperialistisk krig, og slike krigar har ein lei tendens til å avla ny ufred, sa Andersen.

Han kunne heller ikkje akseptera innføring av demokrati som eit akseptabelt argument. Demokratiet har ikkje akkurat blomstra i dei landa der USA tidlegare har kriga. Invasjonen i Irak er 94. gong USA har gått til krig sidan 1898, og det har kosta rundt sju million menneskeliv, sa Andersen.

Elevrådsleiar Camilla Lothe ved Voss Gymnas sa at krigen neppe var til å stogga no. Likevel er det rett å visa at krig slett ikkje er noko god løysing - ikkje neste gong heller.

Demonstrasjonen vart avslutta med allsong, akkompagnert av tuting frå bilane i rusjtrafikken. Bilførarane reagerte på plakatar med oppmoding om å tuta for fred.