No vil Voss Jordbruksskule ha løyve til å læra bort skiheistriks til ungdom over heile landet.

— Slik finansieringsordninga er i den vidaregåande skulen i dag, må vi kunne rekruttera elevar også utanfor Hordaland for å halda det gåande. Det krev status som landsline hjå Undervisningsdirektoratet, seier rektor Svein Inge Styve ved Voss Jordbruksskule.

Gode skussmål

Han er fullt klar over at landsline-status sit langt inne. Men det nyttar ikkje uprøvt, resonnerer han.

Styve får varm støtte frå Jan Einar Thorsen i Voss Resort Fjellheisar (Bavallen) og John Ivar Norheim i Myrkdalen Fjellheisar (Voss Fjellandsby).

Dei har svært gode røynsler med skolerte medarbeidarar, men kan ikkje ta unna så mange som 8–12 lærlingar kvart år. Så mange elevar må til for å finansiera ein klasse.

Åtte elevar fullførte den toårige skuledelen av opplæringa på Voss Jordbruksskule i haust. Fem av dei er no i lære i Bavallen og Myrkdalen. Ein er i lære hjå NSB og ein gjekk rett ut i arbeid som taubanemontør, og vil kanskje ta fagbrev seinare.

Fagbrev

Så sant prøvenemnda får på seg varmedressar og stiller til teneste litt utanom vanleg eksamenstid, vil alle fem skiheislærlingane stå med fagbrev til våren ein gong. Det er dei to skiheissjefane overtydd om.

— Fagprøven vil gå over tre dagar, der lærlingane skal visa korleis dei løyser oppgåvene sine i det daglege arbeidet, seier Marit Isungset i Opplæringsnemnda for Indre Hordaland.

Og då er det greitt å gjera unna prøven før snøen går.

Sommarsyssel

Utsiktene til arbeid sommarstid er eit uvisst moment for dei som satsar på skiheisarbeid. I læretida tek Voss kommune ansvaret.

— To lærlingar med sertifikat på det meste, jobbar for minst fire vanlege sommarvikarar, kommenterer Ole Martin Vevatne, leiar for Grøn etat i kommunen.

Fagbrevet gjeld heile idrettsanleggsfaget, men det er stor skilnad på ein skiheis og eit symjebasseng.