Spora blei funne nær Tuftebreen i Krundalen laurdag morgon. Dagen etter var rovviltkontakt Einar Fortun på staden for å undersøkje spora.

– Han kan ikkje stadfesta alderen på spora, anna enn at dei ikkje er gamle, seier leiar i Jostedal Sankelag, Arne Bjørk, til Sogn Avis.

Ein ung gardbrukar fann spora laurdag morgon. Bonden var også i same området torsdag kveld, og han er rimeleg trygg på at spora ikkje var der då.

Søndag for ei veke sidan blei bjørnejakta avslutta med at det blei gått manngard gjennom Krundalen utan å finne nye spor. Både jegerar og bønder kjende seg då trygge på at bjørnen var vekke. No kan det altså tyde på at han er tilbake, om enn i eit litt anna område. Det er tidlegare ikkje funne kadaver der gardbrukaren fann dei ferske spora.

Saueeigaren fann dessutan ein sau som hadde åtte lam med seg. Bøndene i Jostedalen fryktar no at bjørnen kan ha teke livet av fleire sauer.