— Forferdeleg trist, men det finst ikkje annan utveg enn å la god mat gå rett i mottinga, seier Trond Olav Neteland.

Berre på hans gard med 16 mjølkekyr gjekk 1500 liter til spille.

Til saman skulle tankbilen ha henta mellom 5000 og 6000 liter mjølk på gardane i Jordalen og Nåsen.

— Kor mange gonger har vegen vore stengt i vinter?

— For å vera heilt ærleg, så har eg kome ut av teljinga. Fram til no har vi vore heldige med tidspunkta. Mjølkebilen har kome fram innimellom vegstengingane. Men denne gongen gjekk raset like før hentedagen. Vi må berre vona at ikkje folk eller husdyr treng akutt hjelp.

- Veit de kva tid det er aktuelt å brøyta?

— Denne gongen er det ikkje nok å rydda snøskredet som ligg på vegen. Då er vegen berre køyrande med traktor. Skal bilar koma fram, må det større reparasjon til. Vatn i strie straumar har vaska bort tonnevis med grus og gjort vegbanen uframkomeleg, seier Neteland.

I hans familie var dei to ungdomane heime då raset gjekk, og dei kjem seg no ikkje på arbeid og vidaregåande skule.

Andre ungdommar er avskorne frå å koma heim til foreldra. Men dei åtte elevane i grunnskulen får undervisning som vanleg ved Jordalen skule.

— Vi har så «heldige» at lærarassistenten vart innesperra her i dalen saman med oss, seier Neteland.

I Jordalen venta folk i spaning på avgjerd om kraftutbygging i Jordalsnuten, eit prosjekt som vil gje grenda trygg veg. Jordalsvegen, slik han ligg i dag, er ikkje brukande.