21-åringen fra Nordfjord gjorde det meste feil da han prøvde ut kreftene i sin Suzuki GSXR 750 i fjor sommar.

Sone, betale, vente

141 kilometer i timen målte politiet før dei slo blålysa på og la seg på hjul. Utan at den nybakte motorsyklisten slo ned på farten av den grunn.

No må han sone 24 dagar i fengsel, vente 15 månader på å få ta ny førarprøve og betale tre tusen kroner i sakskostnader. Det var om ettermiddagen 26. juni i fjor at den no 22 år gamle mannen passerte fartskontrollen i ei 80-sone i Stryn. Laseren viste 141 km/t, men mc-føraren ensa ikkje politiets stopp-post.

Dermed tok dei opp forfølginga, og etter nokre kilometer innhenta dei motor-sykkelen. Mens politiet låg bak med blå-lys, kjørte mc-føraren forbi fleire bilar. Ein av polititenestemennene forklarte i Fjordane tingrett at han såg tiltalte snu seg for å sjå bakover undervegs.

Ingen lapp, ingen mc

Først etter om lag ei mils kjøring, der politiet målte ein gjennomsnttsfart på 137 km/t, gav mc-føraren opp og stoppa.

I retten forklarte mannen at han ikkje såg politifolka, og at han stoppa straks han vart klar over dei.

Retten meiner på si side at dette er uinteressant, ettersom han i alle fall burde ha sett politiet og stoppa straks dei innhenta han. Retten karakteriserer fartsoverskridinga som «massiv», og mener slett ikkje at den unge alderen er eit formildande omstende. Tvert imot; retten meiner den begrensa kjøreerfaringa er eitt av dei skjerpande momenta i saka.

22-åringens karriere som mc-førar fekk altså ein brå slutt, i alle fall inntil vidare. Ikkje har han førarkort lenger, og heller ikkje motorsykkel. Den er i dag registrert med ny eigar.