— Me fekk melding om straumbrot på ferjekaien på Fodnes litt før klokka ti i dag. Det gjekk ikkje an å køyra bilbrua, verken på vanleg måte eller på naudstraum, seier driftsleiar i Fjord1 Fylkesbaatane, Torbjørn Vik.

Ferjeselskapet valde då å la ferjene gå mellom Mannheller og Lærdal i staden. Men no er det også problem på ferjekaien i Lærdal. Fodnes-Mannheller er det største ferjesambandet i Sogn og Fjordane.

Hurtigbåt innstilt

— Det kom akkurat inn melding om at det er problem med bilbrua i Lærdal også. Ferja kjem seg ikkje laus frå bilbrua på grunn av straumbrot, seier Vik.

Han seier vidare at elektrikar er på veg til staden.

— Dette skjer ikkje ofte. Men så er jo vêret spesielt og, seier Vik.

Politiet i Sogn og Fjordane får no inn ein jamn straum av meldingar som følgje av uvêret.

På Årdalstangen er det fare for at delar av taket på Coop-bygget skal fare. Mannskap er no ute og vurderer situasjonen. Også i Askvoll er det fleire stader problem med takplater som losnar.

Hurtigbåten frå Bergen til Selje måtte i dag tidleg leggje til kai i Askvoll. Der blir båten liggjande til i ettermiddag.

Orkan i Vågsøy

I tillegg til at alle høgfjellsovergangane mellom Vestlandet og Austlandet er stengde, er fleire andre vegar og ferjesamband stengde. Fleire stader har tre blåse ned og stengt vegar. Like før klokka 12 la eit tre seg over E39 ved Moskog, og det danna seg raskt køar på staden.

– Det bles sterkt over heile fylket, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved politi-distriktet i Florø.

Lengst ute på kysten, ved Kråkenes fyr i Vågsøy, bles det orkan. Men også innover i fylket gjer vinden seg gjeldande. På flyplassen på Haukåsen i Sogndal er det full storm.

I Florø skapar vind og høg flo store vanskar. I området ved stadion er fleire gangvegar stengde etter at reklameskilt losna og fauk omkring i lufta. Den høge floa gjer at ei gate er stengt. Også i Eid og Måløy er det vanskar. I Eid er Sjøgata stengd, og i Måløy står kommunen klar til å dela ut sandsekkar.

– Floa er meldt å vere på topp rundt klokka eitt, så det blir spennande å sjå korleis dette går, seier Vereide.

Har du tips om andre problem som følgje av vêret? Tips oss på telefon 02211, 2211@bt.no eller på sms til 2211.

STÅR: Fjord1 Fylkesbaatane tok i dag i bruk ferjekaien i Lærdal for å få unna trafikken mellom Fodnes og Mannheller. Men også her er det i ettermiddag straumbrot. FOTO: 2211-TIPSAR