Kapteinen meiner han har prøvd alle andre utvegar i kampen for å få retta opp det han meiner er alvorlege brot på regelverk og rutinar for tryggleiken på HSD-ferjene.

Han går difor til lagmannsretten, i eit forsøk på å få deira medhald i at ei sjøforklaring er på sin plass. Midhordland heradsrett har tidlegare avvist kravet.

Heradsretten ikkje informert

Sentralt i kjæremålet står det faktum at det faktisk vart funne ei rekkje feil og manglar på M/F «Ullensvang» då Skipskontrollen i Bergen kontrollerte ferja.

Dette kom ikkje fram då saka var oppe i Midhordland heradsrett; tvert imot skreiv sjøfartsinspektør John Ramsøy følgjande til retten: «Jeg er ikke orientert om at det er funnet mangler».

Då Bergens Tidende etterpå konfronterte heradsrettsdommar Gunnar Rode Torvund med at det faktisk var funne ein heil del feil, uttalte han følgjande om utfallet i heradsretten:

— Ramsøy sa at det ikkje var manglar på ferja, og forklaringa hans hadde innverknad på avgjerda.

Lang liste over feil

M/F «Ullensvang» trafikkerer det travle sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Etter «Sleipner»-ulykka fann kapteinen det uråd å akseptere det han oppfatta som ei lang rekkje brot på tryggleiksreglane om bord:

  • To hydrauliske vasstette dører vart ikkje stengde under fart, slik reglane krev.
  • Manøvrering til og frå kai skjedde med berre ein navigatør på brua, og utan maskinist i maskinrommet.
  • Ulovleg og brannfarleg treinnreiing på nedste dekk.
  • Ulovleg ombygde kollisjonsskott.

Stiden mellom kaptein og reiarlag endte med at han vart omplassert til ei mindre ferje. HSD har nekta å kommentere klagemåla frå kapteinen, og hevdar at striden er ei «personalsak som har bygd seg opp over lengre tid».