Ferja mellom Breistein og Valestrand har fått motorproblem og er innstilt mandag.

— Høgst sannsynleg kjem vi ikkje tilbake i drift i dag, seier kaptein Helge Kalvenes på M/F "Ole Bull."

Ferja skal få ny motor og dagen går med før det er unnagjort.

Sidan 2007 er det Osterøy Ferjeselskap som har stått for drifta av ferja. Dagleg har ruta kring 1200 reisande og 7-800 bilar, opplyser kaptein Kalvenes.

Utan ferjeruta mot Åsane, må alle reisande ta turen austover via Osterøybrua.