— Eg beklagar det på det sterkaste, sa den 55-årige kapteinen som saman med fire andre fekk sparken av HSD etter den berykta ferjeturen med MF «Os» på Sunde i Sunnhordland 7.november i fjor.

Den halve Smirnoff-flaska var det kapteinen som sjølv henta frå lugaren sin då mannskapet var komne i stemning etter ein betre middag, omtalt som «Talibansk aften», i ferjemessa åtte-ni timar før rutestart klokka 05.30 dagen derpå.

Lystig stemning

— Eg var klar over åttetimarsregelen. Men eg var komen inn i ei lystig stemning, og tenkte ikkje på regelen der og då. Dessverre, sa kapteinen. Han stod åleine til rors då «Os» var farleg nær eit bustadhus på Sunde under ein snumanøver ved ferjekaien morgonen etter mannskapsmiddagen.

Basert på blodprøvar tekne av mannskapet utpå føremiddagen, har sakkunnige funne ut at kapteinen hadde ein promille på mellom 1,5 og 1,9 då han stod opp klokka 05.00. Motormannen hadde ifølgje dei same ekspertane ein promille på mellom 1,8 og 2,2 klokka 5, styrmannen, som då låg og sov, mellom 0,67 og 0,9, og billettøren mellom 1,6 og 1,9 promille.

— Eg følte meg ikkje rusa, men trøytt då eg stod opp. Eg veit ikkje kva som gjorde at eg kom ut av kurs inne ved Sunde, sa kapteinen i si rettsforklaring. Han har forklart at han var oppteken med å snakka i mobiltelefonen og notera plassbestilling då ferja gjekk frå Sunde.

Alt var normalt, det var ingen grunn til å tru at nokon skulle vera påverka då vakta starta, forklarte alle fem tiltalte i retten.

Orientalsk aften

«Os»-mannskapet hadde bestemt seg for å ha ein betre middag etter at båten la til kai på Leirvik 6.november. Overstyrmannen baud på «Talibansk aften», ein taco-rett med øl og vin. Namnet oppstod tilfeldig som variasjon til ein meksikansk aften dei hadde hatt månaden før.

Det var kjøpt inn tre-fire flasker vin og rundt tre liter øl til maten. Før middag drakk kapteinen, styrmannen og motormannen også nokre snapsar med «Tyrkisk pepper», ei blanding av vodka og essens.

Kapteinen henta fram vodkaflaska i 22-23-tida, etter måltidet og etter at mannskapets 600 felles oddskupongar var sjekka.

Meddommar i klemme

Rettsforhandlingane i går var nær ved å bli avbrotne og annullerte då forsvararen til tre av mannskapet, advokat John Raknes, sette fram inhabilitetsinnsigelse mot den sakkunnige meddommaren Gustav Oma. Oma er dagleg leiar og medeigar i Oma Baatbyggeri, som også eig Oma Slipp. Stord-verksemda har bygt snøggbåtar for HSD, og er fast reparasjonsverkstad for rutelagets snøggbåtar.

Oma var sjølv i tvil om sin inhabilitet på førehand. Men tingretten kom til at HSD ikkje er part i saka, og at selskapet ikkje blir berørt av utfallet av straffesaka.

Ein representant frå HSD-konsernet følgjer rettssaka, og to av «Os»-mannskapa ar varsla arbeidsrettssak mot HSD som følgje av oppseiingane i fjor. Inhabilitetspåstanden vil truleg bli teken opp att av Raknes ved ein eventuell anke.

Ukjent med 8 t-regelen

Motormannen (55) sa seg skuldig etter tiltalen om brot på regelen om pliktmessig fråhald åtte timar før vaktstart. Han sa at han var ukjent med regelen.

Billettøren (50) sa seg skuldig etter same tiltale, han hevda og at han aldri var gjort kjent med åttetimarsregelen.

Styrmannen (28) sa seg ikkje skuldig i tiltalen om både aktløyse og åttetimarsregelen. Han sa i si forklaring at han var svært bevisst på å avslutta drikkinga minst åtte timar før vakta starta, og at han låg og sov til halv åtte fordi det var rutine for at han låg frampå når kapteinen tok første bruvakta.

Kapteinen nekta skuld i aktløyse i tenesta og for å ha sigla med berre ein person på brua. Han sa seg skuldig i brot på åttetimarsregelen.

Maskinsjefen (55), som ikkje hadde promilleutslag på blodprøven og som gjekk og la seg i 23-tida etter å ha drukke litt øl og vin til maten, fekk 5000 kroner i bot etter episoden. Han nekta å vedta den, og står difor tiltalt. Han nektar straffskuld, og har saman med styrmannen varsla arbeidsrettssak mot HSD.