— Eg er stum av beundring over matrosane. Hadde dei vore urutinerte, ville me sakna tre personar den dagen, seier ferjekaptein Leif Inge Steinsbø.

I dag spegla Langenuen seg i solskin då ferjemannskapet på strekninga Jektevik–Hodnanes–Nord Huglo blei heidra med Carnegie sitt diplom for heltedåd. Det var Tysnes-ordførar Kjetil Hestad (Ap) som overrekte diplomane under ein seremoni om bord i ferja som går mellom Stord og Tysnes i Hordaland.

— I dag kan de smykka dykk med tittelen helt. Det må vera veldig stas, og det er veldig vel fortent, sa Hestad til mannskapet.

Orkan i kasta

27. november 2011 var vêrtilhøva heilt annleis. Stormen piska sjøen rakt opp i lufta. På Stord lufthamn blei det målt orkan i kasta. Ferja hadde allereie tidlegare på dagen innstilt avgangar på grunn av problem med ferjeleiet på Jektevik.

I stormen prøvde ein fiskar i ein lokal sjark å få leggja båten sin i ly for uvêret. Han kommuniserte med ferja via radio og bad om råd kor han burde gå til lands. På veg mot Huglo kantra sjarken. Dei siste orda han fekk sagt, ifølgje havarirapporten, vitnar om dramatikken.

— Ekstrem sjø

For matrosane på ferja var det berre å kasta billetteringsveska og hoppa i overlevingsdraktene.

— Eg var aldri redd for livet mitt. Eg var berre fokusert på den jobben me skulle gjera, seier matros Arne Johan Vik (59).

Saman med matros Even Laukhamar og resten av mannskapet på ferja fekk han sett mobbåten på sjøen. Dei to matrosane køyrde mot havaristen. Alt dei fokuserte på var noko oransje som flaut på overflata.

— Sjøen var så ekstrem at eg berre såg styrehuset på "Hordaland". Sjøen fauk rett til himmels, fortel Vik.

Øydela tre tenner

Vel framme fekk han tak i fiskaren og tok eit godt grep under oljekleda. Han håpte mannen hadde redningsvest, men i realiteten flaut fiskaren berre på ei luftlomme i jakka.

— Eg visste at om eg sleppte taket, ville han gått rett ned. Difor måtte eg prøva å dra han på direkten. Det var så tungt at eg øydela tre jekslar. Eg spytta tannemalje etterpå, fortel 59-åringen.

Saman fekk dei to matrosane fiskaren opp i eit redningsnett og rulla han om bord. Synet som møtte dei var vondt.

— Even hadde sett det før og visste kva han såg. Det var ansiktet til eit daudt menneske, seier Vik heilt roleg.

Dei to gav likevel ikkje opp. På veg inn til land kjempa dei for å få liv i fiskaren. Vel inne på Nord Huglo fekk dei hjelp av ein sjukepleiar og etter kvart kom ambulansebåten med hjartestartar. Men livet stod ikkje til å redda.

Livlaus utan redningsvest

Dette var ikkje første gang mannskapet på ferja hamna i redningsoppdrag. 16. juni 2010 stod Even Laukhamar på brua og heldt utkikk. Brått såg han ein båt som låg med kjølen opp og to menn i sjøen. Også den gongen var han med ut i mobbåten.

— Han eine hadde redningsvest og heldt fast i båten. Han andre tok me livlaus opp i mobbåten. Ein lege om bord i ferja prøvde å få liv i han, men det gjekk ikkje, fortel 28-åringen.

- Korleis er det å oppleva noko slikt to gonger på kort tid?

— Det er ikkje noko du reknar med skal skje, og det er ikkje kjekt akkurat, seier Laukhamar.

God støtte frå kollegaer

Kollega Vik er glad for at dei øver kvar veke på slike redningsoppdrag og at dei jamnleg øver på hjarte-lungeredning. Han er også glad for all støtta frå kollegaene om bord i ferja.

— Det å kunne stola på kollegaene om bord er utruleg viktig. Eg veit at dei hadde stilt opp om me hamna i sjøen, seier Vik.

Etter dei to dramatiske redningsoppdraga, gjekk det ei tilråding frå reiarlaget Norled til Sjøfartsdirektoratet, som på si side sende tilrådinga vidare til Carnegies Heltefond for Norge. Diplom eller medalje i bronse, sølv eller gull blir tildelt personar som utfører heltegjerningar for å redda andre med risiko eller fare for eige liv.

Kring 50 kvart år

I 2010 var det kring 50 som fekk slik heider frå Carnegie. Det siste halvanna året blei 50 heidra.

Carnegie gjev diplom for båe redningsoppdraga og skriv følgjande i vurderinga av den siste hendinga: "Redderne utsatte seg for vesentlig fare på grunn av ekstreme værforhold. Uten deres innsats og fortrolighet med redningsutstyret ville det ikke vært mulig å få mannen opp av sjøen".

Diplomet går til kaptein Tore Årland, kaptein Leif Inge Steisbø, maskinsjef Oddvar Skaten, matros Arne Johan Vik, matros Even Laukhamar, matros Erik Mundheim, overstyrmann Rasmus Lunde og matros Helge Lie på MF "Folgefonn" som i dag går i sambandet.

— Eg må sei at det er veldig gledeleg for meg i dag å skulle dela ut heider, til mannskapet om bord på ei av ferjene våre. Me tenkjer kanskje ikkje på dette veldig ofte, men ferjene våre som kryssar til tider vêrharde fjordar er ikkje berre transportørar av bilar og folk, men dei er sjølvsagt også ei livsviktig hjelp når ulukka først er ute, seier ordførar Hestad.

.