— Fleire har vore dårlege. Dei fekk hovudverk og vond hals. Symptoma var mykje dei same som sist sommar, seier kapteinen på ferja «Etne», Thore Mangersnes.

Då det stinka som verst etter eksplosjonen ved anlegget til Vest Tank i mai i fjor, blei nokre av mannskapet på Tideferja sjukmelde.

— Vi likar slett ikkje situasjonen. Det er ubehageleg, seier kapteinen.

Fleire dagar frå midten av september og utetter stod vinden frå søraust. Med denne vindretninga merkar mannskapet lukta spesielt, ikkje minst ved ferjekaiane i Sløvåg og Skipavik på Sandøyna. Ved ferjeleiet på Sandøyna overnattar ferjemannskapet.

— Friskluftanlegget i ferja gjer at den vonde lukta kjem ned i lugarane. Det er gjort på eit par minutt. Vi er frå seks til åtte personar som overnattar om bord. Mange av oss sleit med å få sove desse nettene, fortel Mangersnes.

— Korleis lukta det?

— Det luktar mindre enn i fjor, men det var ganske ille. Og det er ei stund sidan det har vore så gale. Sneken er nett den same som vi kjende i månadene etter eksplosjonen, seier skipperen, som har meldt frå om lukta til Gulen kommune.

Ifølgje kommunen har dei siste tida også motteke meldingar frå andre som har reagert. Dei har no bedt om informasjon frå Alexela Sløvåg. I ein e-post til selskapet som overtok sløvåganlegget frå Vest Tank etter eksplosjonen, blir det understreka at kommunen ser det som viktig at bedrifta informerer lokalbefolkninga og andre dersom aktiviteten ved anlegget vil føre til lukt som kan skape reaksjonar. Kommunen har også varsla Statens Forureiningstilsyn.

— Vi har sendt ei bekymringsmelding, seier ordførar Trude Brosvik.

Alexeladirektør Håkon Ivarson seier luktvanskane kan stamme frå arbeidet selskapet no utfører for å kvitte seg med avfall som har lagt i Sløvåg sidan Vest Tanks tid. På tankane er det mellom anna 3200 kubikk oljebasert borevæske (mud). Dette er eit slam frå oljeboring som ofte inneheld ein god del illeluktande svovel. Når dette har stått ei stund, skil det seg.

— Før vi kan pakke dette i sekker og eksporterer det ut av landet, må vi blande det saman att. I denne prosessen kan bli lukt, seier Ivarson.

— Kor sikre er Alexela på at det er dette som har skjedd?

— Vi er ikkje sikre. Vi er ikkje ein gong sikre på at lukta kom frå oss denne gongen. Difor har vi bedt ferja også melde frå til oss neste gong dei merkar vond lukt. Då er det lettare å finne ut om dette kjem frå vår aktivitet.

Ivarson seier likevel det kan bli noko lukt før dei har fått fjerna alt slammet.

— Når vi har føre oss arbeid som vi veit kan gje lukt i tida framover, vil vi prøve å informere på førehand. Vi ønskjer å få avfallet vekk så raskt som råd, for at folk i området ikkje skal få større plager enn dei alt har hatt.