Lemmen vert styrt med fjernstyring frå ferja, men då ferja skulle til kai la han seg heilt ned. Ferjemannskapet klarte likevel å få i land både bilar og passasjerar. Ferja henta reparatør på Løfalstrand, og ferjelemmen fungerte normalt att klokka 21.30 i kveld.

Halhjem får ny ferjelem frå Knarvik etter ulukka måndag då «Bømlo» rende på kaien. Lemmen på Knarvik har stort sett stått ubrukt sidan Norhordlandsbrua kom. Men i går vart han demontert. Lemen skulle fraktast til Halhjem og monterast der i løpet av natt til i dag, ifølgje informasjonssjef i HSD Arild Sondre Sekse. — Dersom alt går etter planen skal kaien vera i drift att i løpet av dagen, seier Sekse.