Ferjefritt på Vestlandet

Klar for 400 meter høge brutårn over Sognefjorden? Regjeringa vil vite om alle fjordar mellom Kristiansand og Trondheim kan bli kryssa utan ferje.

Køyrer du frå Stavanger til Trondheim, får du i dag strekkje bein og nyte kaffi heile åtte gongar, anten du vil eller ikkje.

I framtida vil talet på ferjer bli kraftig redusert langs kyststamvegen E39.

No ber samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) om å få vite kva teknologi som skal til for å få kryssa alle fjordar på strekninga. Nytteverdien for næringslivet og innbyggjarar skal også bli greidd ut.

- Vi må få dokumentert om det er mogleg å krysse alle fjordane, seier Sigrid Brattabø Handegard, politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet.

Tre prosjekt
I 2012 skal svara vere klare frå Vegvesenet. Det skjer samtidig som utgreiingar for fleire delstrekningar – inkludert sambandet Hordfast mellom Stord og Bergen – skal vere ferdige.

Tre prosjekt er allereie på gong. Dei tre vil erstatte kvar si ferje:

* Rogfast er det undersjøiske sambandet frå Stavanger, under Boknafjorden til Mortavika. Ligg inne i nasjonal transportplan for neste periode, med mogleg byggjestart i 2015.

* Hordfast skal gjere dagens gassferjer over Bjørnefjorden arbeidslause. Sambandet er berre på planleggingsstadiet. Det er berekna å koste minimum 10 milliardar kroner. Planane er komne lengst for den indre varianten via Tysnes og Fusa.

* Kvivsvegen mellom Nordfjord og Sunnmøre gjer ferjestrekket Volda-Folkestad overflødig. Ferja vil halde fram, men ikkje lenger som europaveg. Arbeidet på vegen starta i januar i fjor. Kyststamvegen vil frå 2012, når vegen opnar, gå via Hornindalsvatnet.

Sveve over fjorden
I tillegg er det fleire større og mindre opprustningsprosjekt på gang mellom Stavanger og Ålesund.

I Nordfjord har engasjerte sjeler føreslått bru over Norges sjette lengste fjord. Brua er jamvel føreslått to plassar: Ved dagens ferjesamband mellom Anda og Lote, og også nokre kilometer lenger vest, mellom Bremanger og Eid.

Kanskje ikkje overraskande, fins det planar for bru over Storfjorden og tunnelar under både Romsdalsfjorden og Halsafjorden.

Men den største utfordringa er Sognefjorden.

I tillegg til å vere landets lengste, er den også landets djupaste fjord, noko som gjer tunnel smått komplisert. På det djupaste, ikkje langt frå Lavik i Høyanger kommune, er fjorden 1308 meter djup.

Regionvegsjef Olav Ellevset har tidlegare peika på at ved ei brukryssing over Sognefjorden, må brutårna vere rundt 400 meter høge.

I tillegg må brua vere fire kilometer lang.

På neste plan
Handegard medgir at fjorden er ein bøyg.

- Å finne ut om det er mogleg, er akkurat det vi skal gjere. Alle som er avhengige av ferje, veit kva det betyr å kunne reise ferjefritt, seier Handegard.

Optimismen er større for Hordfast, i alle fall hos Tom Knudsen, regiondirektør i NHO.

- Ser du på nytteverdien Hordfast vil få, blir det på ingen måte dyrt, seier Knudsen. Han meiner det indre alternativet, via Tysnes og Fusa, er realistisk å få inn i nasjonal transportplan ved neste rullering. Det skjer i 2014.

Ein viktig årsak, meiner han, er at når Rogfast blir ein realitet, vil det aleine ha så sterk påverknadskraft at også Hordfast må bli bygd.

- Rogaland har hatt framsynte politikarar. Då klarer du å få fram slike prosjekt. Men vi halsar etter, seier Knudsen.

Ønsker du deg Vestlandet uten ferjer?

Les også

Siste fra Lokalt

Plutselig sto den bare der ...

Dette er studentenes nye maskot.

Derfor tente ikke Breivik på skolen

Anders Behring Breivik skulle røyke ut alle som gjemte seg inne i skolestuen. Men gjorde det ikke fordi han anså «operasjonen som vellykket».

Tar oppgjør med partienes drikkekultur

Alkoholen flyter på partimøter hvor mindreårige deltar. Nå mener politikere i flere partier at noe må gjøres.

Stålsøyler på Torgallmenningen

Som lyn fra klar himmel foreslår nå kunstneren Bård Breivik å erstatte granittsøylene på Torgallmenningen med skinnende stålsøyler.

Redd graving er kroken på døren

Frykt for butikkdød i Gågaten. Noen pakker allerede sammen.

Graving tidligst om ett år

Det skjer ingen ting i Gågaten før om ett år – tidligst.

fakta/ kyststamvegen E39

* Går frå Ålborg i Danmark, via Kristiansand, langs vestlandskysten til Trondeheim.

* Åtte fjordar blir i dag kryssa med ferjer:

* Rogaland: Arsvågen-Mortavika.

* Hordaland: Halhjem-Sandvikvåg.

* Sogn: Lavik-Oppedal.

* Nordfjord: Lote-Anda.

* Sunnmøre: Volda-Folkestad.

* Sunnmøre: Solavåg-Festøy.

* Romsdal: Molde-Furneset.

* Nordmøre: Halsanaustan-Kanestraum.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger