Her bur Ole Bergesen, ein lokal revyartist med lang og ærerik merittliste. No har han forresten fått seg skikkeleg arbeid som leiar for kommunens nye kultursal. Her skal neste generasjon sleppa til med teater og revyar.

Les også intervju med Christine Hope i BT søndag.

På nittitalet herja ein lokal revygjeng i Leirvik. «Ferjedirigenten» var ein dans som gjorde stor lukke. Alle kjende igjen mannen som dirigerte bilane ombord i ferja i Sandvikvåg.

— Vil ha direkte humor

Bergesen hadde tatt turen til ferjekaien for å studera den spesielle dansen mannen framførde for bilistane. Revyfestivalen på Høylandet utnemde seinare sketsjen til tidenes revyfestival-nummer.

Sjå dansen i videoen øvst.

— Sunnhordlendingen vil ha direkte humor som han kan le av der og då. Vitsar som ingen ler av før etterpå, vil ingen ha. Det er for seint å le når ein er komen heim, skrattar Bergesen.

Den erfarne revyartisten meiner humoren er lik langs heile Vestlandet.

— Folk ler av det same frå Stavanger til i hvert fall Sunnmøre. På Austlandet er det litt verre. Kanskje på grunn av språket, grunnar han:

— Kanskje dei ikkje tar slang-uttrykk så lett?

- Skal ikkje vera vondskapsfull

Men han har merka seg at austlendingar som besøkjer vestlandet fort ler som ein innfødd.

— Kanskje dei reiser med ferger og blir litt vestlandske?

På butikken møtest fitjarbuen og der vert historier servert. Bitte små hendingar kanskje, som vert fortalt og gjort til ei god historie. Folk på Fitjar og elles i Sunnhordland ler gjerne, meiner han.

— Latteren sit laust. Men det fins grenser. På den lokale revyscena skal ein ikkje vera vondskapsfull. Dette er små samfunn der alle kjenner alle. Om nokon har trakka litt uti og dumma seg litt ut, skal det ikkje nemnast i ein revy. Folk har vondt av kvarandre. Spesielt om folk ligg nede, skal det ikkje harselerast med. Men politikarar og andre som må tola litt, risikerer å bli herja med, seier revyartisten, som drar i gang revyforestillingar på Fitjar også denne sommaren.

Tidlegare har vi besøkt strilane Geir Styve og Bjørn Jensen, hardingen Guttorm Rogdaberg og nordfjordingen Olav R. Faleid.

Kva kjenneteiknar humoren til sunnhordlendingen? Diskuter saka her.

BTV