Ferja dunka borti land, seier politiet.

— Det vart eit mindre hol i sida, lavt nede, så ferja tok inn litt vatn, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland politidistrikt.

Korkje bilar, passasjerar eller mannskapet på fire fekk skader.

Ettersom ferja tok inn vatn, vart ho køyrd opp i stranda, der redningsskøyta «Peter Henry von Koss» hjalp til med pumping.

- Høyrte ein smell

Jan Erik Nordhus (26) såg MF «Fusa» kollidera med brygga på Fjelbergøy.

— Eg såg at ferja hadde litt stor fart og køyrde inn i ein kvass kant på flytebryggja ved ferjekaien. Eg høyrde ein smell, og trudde det var bryggja som fekk den verste medfarten, seier ferjepassasjer Jan Erik Nordhus (26).

Nordhus stod på Fjelbergøy og venta på ferja for å reise til Stord. Verken han eller ferjemannskapet rekna med at ferjeskroget fekk alvorleg skade i samanstøyten med flytebryggja i stål, som stikk ut ved sida av ferjekaien. Først på den korte turen over til naboøya Borgundøy blei det klart at det var hol i skroget, om lag ein halv meter under vasslina.

Roleg

På Borgundøy blei alle passasjerar og køyretøy - to lastebilar og fire-fem bilar - beordra i land, før mannskapet bakka ut og deretter køyrde ferja med baugen opp i stranda på Borgundøy.

— Det var ingen panikk. Alt gjekk roleg føre seg. Men Stord-turen har eg måtta utsetja til i morgon, seier Jan Erik Nordhus.

Tide Sjø reknar med å ha reserveferje på plass i sambandet ca. klokka 16, og frå klokka 14.30 går skyssbåten M/S Fjellvind i ruta til ferja er på plass.