Klokka 20.55 tysdag kveld fekk politiet melding om at ferja «Rennesøy» hadde gått på grunn ved Vombanakkane ved Stabben fyr, vest av Florø.

— Det var eit mannskap på ti om bord, men ikkje passasjerar. Tide ferja var på veg frå Askøy nordover mot Lofoten, seier operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Det er ikkje personskade eller observert lekkasjar etter grunnstøytinga. Ein slepebåt er på staden for å hjelpa båten av grunnen. Det skal vera flo klokka 22.55 i kveld.

- Veit de kvifor ferja gjekk på grunn?

— Det skal skuldast feilnavigering, seier Verøy.

— Rennesøy var på veg til eit leigeoppdrag i Nordland då den grunnstøytte under gjennomsegling i Florø. No må vi få kartlagt skadeomfanget og ta det derifrå, seier Ivan Fossan i Tide Sjø til nrk.sogn og fjordane.

Seint onsdag kveld vart ballasttankane på MF «Rennesøy» tømt. Ferja vart trekt av Svarteskjeret og slept inn til kai i Florø.

Politiet tok rutinemessig alkotest av mannskapet og kapteinen, men den var negativ. Onsdag vil mannskapet bli avhøyrt på Flora politistasjon.

Her er eit kart som viser kor ferja gjekk på grunn.