Ifølgje nettutgåva til Fjordenes Tidende skal det ikkje vere personskade. Passasjerane som var om bord merka eit dunk før ferja blei ståande fast ved sida av Husevåg ferjekai.

«Vågsøy» skal stå eit godt stykke oppe i fjøresteinane. Fjord1 opplyser at ferja, som var ny i 2009, har fått ein god del skader.

Verken personar eller bilar vart skadde i grunnstøytinga som skjedde like før klokka 10 onsdag. Det var 35 passasjerar, eit mannskap på fire, samt til bilar om bord.

Ferja går i sambandet mellom Måløy, Husevågøy og Oldeide på Bremangerlandet. Grunnstøytinga skjedde på tur frå Oldeide.

Ein båt kom til staden for å slepe ferja av fjæresteinane.

— Ferja gjekk for eigen maskin til Måløy etter at den var trekt av grunn, seier viseadministrerande direktør Svein Solheim i Fjord1.

Undersøkast av dykkarar

Ifølge Solheim må truleg thrusteren (ein sidepropell) på ferja skiftast etter uhellet.

— Det er førebels ikkje tatt undervannsprøvar av fartøyet, men vi er i ferd med det. Det er ikkje lekkasje frå ferja, seier Solheim.

Redningsskøyta «Halfdan Grieg» er på veg frå Florø for å undersøke ferja med dykkarar.

Fjord1 har ikkje oversikt over årsaka til grunnstøytinga.

— Vi må avvente rapporten før vi seier noko om det.

Sett inn passasjerbåt

Ferjesambandet er no stengt for bilar. Det blir sett opp passasjerbåt mellom Måløy og Husevågøy som då vil gå etter oppsette ruter utover ettermiddagen. Solheim oppfordrar reisande til å sjekke avgangane på nettsidene til Fjord1.

Ei ekstraferje blir henta inn frå Balestrand. Den vil første vere framme i kveld, opplyser Solheim.

Politi og Sjøfartsdirektorat er rutinemessig varsla etter grunnstøytinga.