Den endelege opningsdatoen blir fastsatt seinare, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

I pressemeldinga frå vegvesenet heiter det:

Det blir ikkje noko bruopning i slutten av juni, som har vore arbeidsmålet lenge. Ut frå ei samla vurdering av framdrifta pr. 1. mars, har Statens vegvesen konkludert med at det ikkje kan sleppast trafikk på brua før arbeidet er ferdig. Det kan ikkje arbeidast med fullføring av bruarbeidetmedan det går trafikk over brua. Omsynet til tryggleiken for trafikantane gjer at det ikkje er forsvarleg med bruopning før alt arbeidet ute i hovudspennet er fullført.

Statens vegvesen seier seg lei for utsettinga av bruopninga, og vil koma tilbake til ny opningsdato så snart dette er endeleg avklart.

Ferjesambandet Bruravik–Brimnes vil gå som normalt heilt fram til opningsdagen for Hardangerbrua.