• Dette har vi venta på så lenge, seier ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken. I dag vedtek regjeringa å byggja ferjekai på Årsnes.

— Det kunne ikkje gå lenger med kaien på Løfallstrand. Der var det for trangt. Køane står ofte heilt oppe i riksvegen. Og når det er dårleg ver, har ferja store vanskar med å koma til kai, seier Solbakken.

Det var statssekretær ved Statsministerens kontor, Per Jordal, Sp, som reiste til Kvinnherad i går og gav nyhende om ferjekaien til ordføraren.

Jordal opplyser til BT at dei samla investeringane kjem opp i 80 millionar kroner. 60 for ferjekaien og 20 for tilrettelegging av vegen.

Av dei 80 millionar kronene er halvparten bompengar.

Den nye kaien skal plasserast på eit opparbeidd industriområde, slik at mykje førebuande grunnarbeid vert spart.

Ferjekaien på Årsnes ligg litt nord for dagens kai på Løfallstrand. Ferjeturen til Gjermundshamn vert ca. 1 kilometer kortare, som betyr ei innsparing i tid på 5-10 minuttar.

Synnøve Solbakken vonar at det med den nye ferjekaien også vil fylgja større ferjer. Slik det er no, må ofte mange bilar stå att på kaien i periodar med stor trafikk.

Solbakken er glad for at vegen frå Kvinnherad til Bergen stadig vert betre. Den nye tunnelen på rv. 48 ved Eikelandsosen er eit stort framsteg, med opning i mars 2009. Men Tyssetunnelen lengre nord står att, og må truleg venta enno 4-5 år før staten finn pengar.